– Det er ikkje berre-berre å få det til, og kjensla var svært god då det gjekk opp for meg at det var hole in one.

Det seier Saur etter bragda som skjedde måndag 25. september i år. Onsdag vitja leiar Jan Erik Myklebust i Volda golfklubb den spreke pensjonisten i Ørsta, og overrekte ei gåve frå golfklubben i samband med prestasjonen. Sidan 2004 har det berre skjedd ti gongar tidlegare at noko har klart å få hole in one på golfbana i Vassbotnen. Saur sin prestasjon vart den ellevte på lista og den andre som klarte det på bana i år. Brodie Bramich klarte bragda 30. april i år på hol 2.

– Såg det i dugget at den hadde gått rett i holet

Saur er den eldste som har klart hole in one i Volda, og er glad for å fått til bragda.

– Eg har klart hol sju i Volda på to slag tre gongar tidlegare. Måndagen det skjedde stod det to golfspelarar og putta på hol tre. Då eg bevegde meg mot holet sa dei at ballen rulla rett i holet, og dei ville vere med meg bort og sjå. Då vi nærma oss såg vi i dugget i graset at ballen hadde trilla rett i holet. Det var ei oppleving.

– Det vart første gang dette skjedde for din del?

– Ja, det var det. Eg har spelt litt, men eg er ein gammal mann og eg opplever det nok ikkje fleire gongar, seier Saur med eit smil.

79-åringen er ein ivrig golfspelar, og er ofte å sjå på bana i Vassbotnen når det er golfvêr. Å slå Hole in one er ein draum for alle golfspelarar, også Saur.

– Eg var over 70 år då eg byrja med golf, men eg tykkjer det er interessant og kjekt for ein gammal mann. Du får trim på bana og det er spennande å sjå om du brukar mindre og mindre slag på dei ulike hola.

Fem år sidan sist

Hol sju i Volda er det kortaste holet på golfbana. Sverre Berge Hustad var den første som klarte hole in one på holet i 2009. Ole Magnus Orlien vart andremann i 2012, og Saur er den tredje på lista med hole in one på hol sju.

– Eg vil anbefale golfsporten til andre, og det er veldig interessant. Du blir litt sveitt av å gå på ei golfbane og det er sosialt, seier Saur.

Sjur Hamar (to gonger), Ole Flø (to gonger), Sverre Berge Hustad, Jostein Digernes (to gonger), Kai Are Strande, Ole Magnus Orlien, Brodie Bramich og Odd Saur utgjer lista over spelarar som har klart hole in one i Volda.