smp.no

Det fryktar Maskinentreprenørenes Forbund (MEF).

– Vi ser at kontraktane blir større og større, og mange entreprenørar må samarbeide for å klare kontraktane, seier administrerande direktør Julie Brodtkorb som måndag var på besøk hos Aurstad i Ørsta.

Vil ha avklaring

Ein fersk dom i Høgsterett, som rett nok handla om drosjenæringa, har ført til at samarbeid mellom bedrifter i anleggsbransjen igjen har blitt eit aktuelt tema.

– Vi må få klarlagt om det er lov med samarbeid. Elles blir det berre tre-fire norske eller utanlandske selskap som kan ta kontraktane, fryktar Brodtkorb og vil ha avklart at konkurranselovgivinga ikkje hindrar samarbeid i anleggsbransjen.

Det er venta at regjeringa i statsbudsjettet vil legge fram ei rekordsatsing på vegbygging, for å starte opptrappinga i NTP.

– Eg tek det som sjølvsagt at satsinga går til norske entreprenørar, seier Brodtkorb og minner om at det i valkampen var mykje snakk om å trygge arbeidsplassar i heile landet.

Problemet er at til større kontraktane er, til færre norske selskap har sjanse til å ta på seg heile oppdraget. Skal entreprenørar kunne vinne kontraktar som kjem som følgje av vegsatsinga, må fleire små samarbeide om anboda.

– Små entreprenørar blir fort underleverandørar til store, og dette minner om å vere husmenn på store gardar, seier Brodtkorb og legg til:

– Vi må bygge vegar effektivt, men det er norske arbeidsplassar vi snakkar om her.

Brodtkorb viser til at regjeringa i to statsbudsjett har lagt store deler av samferdselsbudsjettet inn i «tiltakspakkar».

– Om løyvingane til vegbygging skal kome norske bedrifter med norske eigarar til gode, må styresmaktene sikre at konkurranselova ikkje hindrar norske små og mellomstore bedrifter i å få oppdrag, seier ho.

Nordøyvegen

Nordøyvegen er eit eksempel på det som kan bli eit for stort prosjekt for mindre selskap.

– Nordøyvegen var først delt i to, men no blir det lyst ut som eitt prosjekt. Det blir sikkert to milliardar kroner og er for stort for alle regionale entreprenørar, seier Øyvind Bergset, regiondirektør i MEF, region midt.

Per Kristian Langlo i Aurstad fryktar store strukturendringar i bransjen med stadig større vegkontraktar, utan høve til samarbeid om anbod. Og han meiner det må leggast opp til prosjekt som er mogleg å ta for mellomstore firma også.

I tillegg til at kontraktane er store, ser Langlo at det er ein prosess med prekvalifisering i anbodsrunden, der dei silar ut tre til fem selskap.

– Og vi har ikkje sjanse til å kome med, men blir sjalta ut av dei største entreprenørane, seier han.

Aurstad vann for nokre år sidan det som den gong var den største vegkontrakten her i landet, på E6 i Gudbrandsdalen. Dette var mogleg takka vere samarbeid med Implenia Norge.

For Aurstad er det ikkje ønskeleg å vere ein underleverandør i bransjen.

– I Sverige er det berre tre store firma og mange små «hagegravarar». Vi ønskjer lokale og mellomstore selskap. Der ligg det mykje god kompetanse, seier Langlo.

For tida har Aurstad bra med arbeid. Dei har 20 ulike kontraktar rundt om i landet; i Bergen, Sogndal, Soknedal, Førde og Helgeland. Dei fekk også kontrakt på eine påhoggen på Nordøyvegen.

– No har vi ein bra ordrereserve. Vi har tilsett fleire nye folk og er no 200 tilsette, fortel Langlo.

Denne saka er først publisert i Sunnmørsposten og på smp.no