– Alle får dei tenestene dei er er innvilga. På generell basis jobbar vi for at tenestene skal fungere godt og virke godt for brukarane. Dette arbeider vi med heile tida. Einingsleiarane er i dialog med brukarar og pårørande, uavhengig av denne saka, for å få dette til å fungere best mogleg. Vi har ikkje motteke nokon klage i denne saka. Då er det vanskeleg for oss å ta tak i noko som ikkje kjenner til. Eg må beklage at dei opplever situasjonen slik som beskriven, seier Vik som understrekar at ho ikkje kan gå inn i detaljar.

Seksjonsleiaren opplyser at dei ikkje kjenner seg att i påstandar om at pårørande skal ha fått tilbod om pengar for å ta seg av brukarane.

– I BPA-ordning, brukarstyrt personleg assistanse, er det ikkje uvanleg at pårørande går inn som vikarar ved høve. Det er heller ikkje uvanleg at pårørande vert spurt om å følgje til ulike timeavtalar, noko som ikkje utan vidare er ei kommunal oppgåve.

– Ikkje institusjon eller sjukeheim

Seksjonsleiaren understrekar at Bakk-Ola-marka ikkje er ein institusjon eller sjukeheim.

– Bakk-Ola-marka inneheld 49 omsorgsbustadar i ulik storleik. Alle som bur på Bakk Ola marka har ordinære husleigekontrakter med kommunen. Det er rett at vi har utfordringar med ein sliten telefonsentral og varslingsanlegg. Det vert arbeidd med utskifting av denne, og det er gjort strakstiltak for å avhjelpe situasjonen, til dømes hyppigare tilsyn og bruk av mobiltelefonar.

Det vert og poengtert at det i periodar kan vere vanskeleg å rekruttere nok støttekontaktar.

– Ulike tenester vert tildelt etter individuell vurdering, og alle får dei tenestene det er gjort vedtak om. I periodar kan det vere vanskeleg å rekruttere nok støttekontaktar, der det også skal gjerast ein vurdering m.o.t. interesser og kjemi med brukar.

– Kompetente tilsette

Vik poengterer at dei tilsette er kompetente i rollene sine.

– Dei tilsette i Heimebasert teneste på Bakk Ola er faglærte helsefagarbeidarar og sjukepleiarar og kompetente i rolla si. I tillegg har vi lærlingar og andre vikarar under utdanning, noko vi vonar stimulerer til god rekruttering av fagfolk for framtida.