Ny kinosal, masse rot.
            (Foto: Karen Høydal)

Ny kinosal, masse rot.Foto: Karen Høydal

– Saknar lys etter filmvisinga

Mange har engasjert i saka om rot i den nye kinosalen, og fleire saknar meir lys i salen etter at kinoen er ferdig.

Rot og tilgrising er eit stort problem i kinosalen i Ørsta kulturhus. I avisa tysdag går varaordførar Karen Høydal og ordførar Stein Aam ut og oppmodar at det blir slutt på tilgrising av stolar og rot på golva. Saka har og engasjert på sosiale medium og på Facebook-sida til Møre-Nytt. Fleire som har vore innom kinoen saknar belysning når filmane er ferdig, og det blir og påpeikt at det forventast rot på golvet i samband med kinodrift. Nokre saknar og oppheng på seta slik at godteri og drikke ikkje må stå på golvet.

Les også: Ny kinosal rota til

– Skulle fått tilbake dei opphenga som var før, slik at popkorn, brus og alt anna slepp å stå på golvet i mørket, men heng rett framfor deg, skriv Hege Alsaker Flø.

Andre meiner at ikkje er nødvendig å ete eller drikke ved eit kinobesøk, og at ein må forvente eit normalt snev av orden frå kinopublikummet.

– Er vel ikkje so vanskeleg å ta opp sitt eige rot under stol eller mellom beina. Søppelstativ står ved utgangen, skriv Jan Åge Høydal.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Osteflekk?Brun flekk på ny stol. Ost eller noko frå ein burger? Uansett må stolen reinsast.
            (Foto: Karen Høydal)

Osteflekk?Brun flekk på ny stol. Ost eller noko frå ein burger? Uansett må stolen reinsast.Foto: Karen Høydal

Dette vert lest no:

Populært kurs i Brudavolltunet

Kunsten å lage potetkaker

– Dette er mykje betre enn lompene som du får kjøpt på butikken. Potetkakene består berre av potet, litt salt og mjøl. Det skal ikkje meir til.

Nytt utspel i Bjørke-debatten

I eit brev underskrive av 25 personar på Bjørke vert det reist kritikk mot «unge vaksne » sitt utspel om grensejustering.

Portrett

Brødrene Øyehaug - ved to av dei

For brørne Einar og Per Øyehaug er nøysemd, gründerånd og skepsis til banklån noko dei har i blodet.

75 års-jubileum

Ein siste skanse i møbelbygda

Denne hausten feirar Brødr. Øyehaug 75-årsjubileum. Dei har ei historie å vere stolte av.

Siste dans for Marna

Marna Haugen Burøe er ute av "Skal vi danse"

Tatt for fyllekøyring

Politiet stoppa bilførar i Hovdebygda. Mistanke om promille.

- Ein pris mange fortener ein bit av

Per Oddvar «Prots» Hildre om å ha fått St. Olavs Orden.