Oppmodinga kjem frå Astrid Bjørdal (leiar), Maria Hovdenakk og Lene Kaspersen Lødemel i foreldreutvalet (FAU) ved Dalane skule

FAU-representantane reagerer sterkt på ein uttale frå rådmannen i Ørsta kommune etter at ho i Møre-Nytt nyleg uttalte at «vi må byggje skular der elevane bur, og ikkje tru at dei flyttar dit skulane er. Det vart bygt eit skulepalass i Dalsfjorden. Ingen har flytta dit for å gå på den skulen».

– Det er usakleg og lite relevant å samanlikne skulesituasjonen på bygdene i Ørsta med situasjonen i Dalsfjorden. Og viss rådmannen verkeleg meiner at det ikkje bur folk på bygdene i Ørsta, ja, då kan vi fortelje at det bur mykje folk i området Dalane! Bygdene våre er sentrumsnære bygder i sterkt vekst. Og så klart har vi behov for skulebygg for alle på ein og same skule, seier Bjørdal, Hovdenakk og Kaspersen Lødemel.

Bjørdalen

Dei viser til at det berre i Bjørdalen i dag bur seksten born under seksten år.

– Og på Åm er det endå fleire. Og på Vatne går salet av tomter unna til barnefamiliar som ønskjer å satse på ei framtid i bygda. Det er også på gang etablering av tomter på Legene. På Vatne bur det i dag 25 unge i alderen opp til seksten år. Den positive folketalsutviklinga er sameleis i Hovdebygda, fortel FAU-representantane

Dei viser til at det over fleire år har vore ei positiv utvikling for bygdene som soknar til Dalane.

– Ja, bygdene våre opplever ei svært positiv utvikling med etableringar og tilflytting. Og vi høyrer stadig om folk som ønskjer å slå seg ned i bygdene og reise frå sentrum. I ein slik situasjon er det hårreisande å berre tenke kommuneøkonomi, og å slå beina under oss mange som ønskjer ei god og sikker framtid på bygdene, der skulen skal samle alle elevar. No må det politiske miljøet i Ørsta, bortsett frå Framstegspartiet, som har forstått poenget, forstå at ein heile tida ikkje berre skal ta økonomiske omsyn slik det vert gjort i saka om storskule for sentrum. Denne saka har kome skeivt ut, og det ser ut som rådmannen har gjort opp si meining før saka er godt etablert politisk og folk flest har fått seie si meining. Det er uhøyrt!

– Det er sjølvsagt borna sitt beste som må stå sentralt, ikkje pengar. På bygda er ein skule ikkje berre ein skule. Skulen er samlingsstaden, den gode basen for langt meir enn skulen. Forsvinn skular frå bygdene, ja, då misser vi heile grunnlaget for ei god og stabil framtid. For då står også ei rekkje fritidsaktivitetar på spel. Og grunnlaget for bygdene vert sterkt svekt, seier FAU-representantane.

Uheldig

Bjørdal, Hovdenakk og Kaspersen Lødemel meiner det vil vere svært uheldig å sende dei eldste barneskuleelevane til sentrum, medan dei yngre elevane skal vere att på bygdeskulane.

– Tenk over situasjonen: Først skal eit barn gå i barnehage, og vere godt etablert. Etter fire år på skule på bygda, skal eleven sendast til eit stort og nytt skulemiljø i sentrum. Og deretter skal eleven flyttast over til ungdomsskulen. Det er ikkje alle som taklar så mange skifte og nyetableringar i nye miljø. Dette er slett ikkje bra. Born treng stabile og trygge miljø der også søsken kan gå saman på same skule. På bygdeskulane tek dei eldste elevane seg av dei yngste.

– Vi forstår presset på sentrumsskulane, men det går an å flytte elevar til Hovden og satse stort på denne skulen, seier FAU-representantane.

Dei viser også til at det tidlegare vart prøvd å flytte dei eldste elevane på Vikemarka til andre skular.

– Men denne ordninga vart etter ei tid vraka.

Vil ikkje til sentrum: Bak f.v: Kasper Lødemel, Elias Skjerdal, Maria Hovdenakk og Astrid Bjørdal. I midten. F.v. Jonas Lødemel, Lene Kaspersen Lødemel, Anabella Rebbestad og Signe Skjerdal. Framme: Ragne Skjerdal og Jonas Lødemel. Foto: Privat