Rot og tilgrising er eit stort problem i kinosalen i Ørsta kulturhus. I avisa tysdag går varaordførar Karen Høydal og ordførar Stein Aam ut og oppmodar at det blir slutt på tilgrising av stolar og rot på golva. Saka har og engasjert på sosiale medium og på Facebook-sida til Møre-Nytt. Fleire som har vore innom kinoen saknar belysning når filmane er ferdig, og det blir og påpeikt at det forventast rot på golvet i samband med kinodrift. Nokre saknar og oppheng på seta slik at godteri og drikke ikkje må stå på golvet.

Les også: Ny kinosal rota til

– Skulle fått tilbake dei opphenga som var før, slik at popkorn, brus og alt anna slepp å stå på golvet i mørket, men heng rett framfor deg, skriv Hege Alsaker Flø.

Andre meiner at ikkje er nødvendig å ete eller drikke ved eit kinobesøk, og at ein må forvente eit normalt snev av orden frå kinopublikummet.

– Er vel ikkje so vanskeleg å ta opp sitt eige rot under stol eller mellom beina. Søppelstativ står ved utgangen, skriv Jan Åge Høydal.

Osteflekk?Brun flekk på ny stol. Ost eller noko frå ein burger? Uansett må stolen reinsast. Foto: Karen Høydal