Vartdaling: Hans-Olav Myklebust var den første ordføraren frå Framstegspartiet i Ørsta kommune.
            (Foto: Janne-Marit Myklebust)

Vartdaling: Hans-Olav Myklebust var den første ordføraren frå Framstegspartiet i Ørsta kommune.Foto: Janne-Marit Myklebust

Jon Hustad om Vartdal og "Framsteglandet"

"Få stadar er staten ein større fiende"

ØRSTA: Sunnmøre var den mest kristne delen av Noreg. No er Frp og synda vorte størst.

Denne artikkelen skal handla om Framstegspartiet, men ikkje om innvandring og islam. Så no kan de pusta lettare. Artikkelen skal derimot handla om staden der Frp er verdas største Frp, nemleg på Sunnmøre. For vel tretti år sidan diskuterte klassestyraren min på gymnaset, Oddbjørn Melle, og underskrivne den pågåande folkerøystinga om ølsal i Ørsta. Skulle det for fyrste gong verta ja til sal av øl over disk i Ørsta? Vi kom båe til at det nok var nei. Fråhaldsrørsla var i 1986 framleis stor og sterk i Ørsta. Og dessutan hadde vi Vartdal, som i 1919 sette ein uslåeleg verdsrekord i eit demokrati: I gamle Vartdal kommune røysta 416 for ei nasjonalt brennevinsforbod, null røysta mot. Dømet er nemnt verda over i valforskingslitteraturen.

Fullt så godt gjekk det ikkje i omrøystinga i 1926. Då røysta to for å oppheva forbodet. Vonde tungar ville ha det til at det var det nye presteekteparet frå Austlandet som hadde øydelagt perfeksjonen. Gamlepresten mellom 1915 og 1917, Brage Høyem, var derimot laga av eit hardare stoff: «Og i alle år eg var prest der oppe, møtte vartdalsstrandingane mannjamt upp, korleis ver og føre var. Vartdalsstranda hadde vore spart for upprivande og kløyvande strid. Alle høyrde kyrkja til. Ingen born vart fødde utanfor ekteskap. Det var eit moralsk og religiøst folkeferd. »

Før internett

I 1986 fanst ikkje internettet i Ørsta. Stor var difor undringa mi då eg slo på lokalradioen dagen etter folkerøystinga. NRK kunne fortelja at det hadde vorte eit klart fleirtal for ølsal over disk i Ørsta. «Frå den dagen av drakk både mann og kone på Vartdal. » Og no røystar over ein tredjedel av vartdalingane på Frp. Og i stort sett alle kommunar på Sunnmøre er Frp det klart største partiet. Di rikare sunnmøringen vert, di meir røyster han på Frp.

– Som professor Nils Aarsæther frå Ålesund sa til meg ein gong: «På Sunnmøre er staten fiende. Staten er det største fyordet», seier Oddbjørn Melle til meg då eg møter han for ein edruleg sundagskaffi i heimen i Ørsta.

Og få stadar er staten ein større fiende enn mellom fiskaramerikanarane på Vartdal. Dei har aldri fått tømt havet i fred. Eller som den no avdøde sunnmøringen og munken Arnfinn Haram sa det i 2004: «Den populistiske og amerikanske kulturen pregar Noreg, og han er spesielt sterk akkurat på Sunnmøre. »

Melle gav seg som lektor ved Volda vidaregåande skule i byrjinga av 1990-åra. Han tok doktorgrad i historie og vart professor ved høgskulen. I 2010 gav han ut ein større artikkel i Heimen: «Frp-suksessen på Sunnmøre. Frå 'Jesus til Ivar Asen og rektor Kristvik' til Carl I. Hagen og Siv Jensen. »

– Politikk må forståast lokalt. Eg har ikkje heilt sans for overflygingssosiologien til Stein Rokkan. Suksessen til Frp på Sunnmøre kan ikkje forståast ut frå islam og innvandring, då kanskje med unnatak for Israelspørsmålet. Her handlar det i mykje større grad om motkultur og sjølvberging. Folk vil ha fred frå staten.


Politikk er for dei andre

Eller som ein informant i ei haustenæring seier det i artikkelen til Melle: «Sunnmøringen har ikke vært interessert i politikk - heldigvis! Sunnmøringen kan være tolmodig som bare det i jakten på en makrellflekk, en klippfiskkontrakt eller et skipsbyggingoppdrag. Men når han skal være med på lange politiske utredninger, vil han relativt fort konstatere: 'Nei, ditte vert det ikkje penga tå'. Så trekker han seg stille og rolig tilbake til sin næringvirksomhet. »

Sunnmørscredoet, seier Melle, kan summerast opp med orda «egalitet», «produktivitet» og «suverenitet». Elite er derimot eit fyord. Lagdelingar og samfunnsklassar finst ikkje på Sunnmøre, meiner sunnmøringane. «Millom jamningar helst er eg nøgd», som Ivar Aasen sa det. Men dette må ikkje tydast som om sunnmøringen vil dela. Sunnmøringane vil ha pengane sine i fred og færrast mogleg reguleringar. Eller som den førre Frp-ordføraren i Ørsta Hans Olav Myklebust frå Vardal sa det: «Er det noko vi har nok av i Ørsta, så er det natur. »

Å utnytta naturen er også vartdalingane best i. Så seint som i 2007 hadde den vesle bygda med ei bensinpumpe og ein butikk ein fjerdedel av alle fabrikkskipløyve i Noreg - noko vartdalingane meinte var altfor lite, dei burde minst hatt halvparten. I førre månad gjennomførte Sparebank 1 ein emisjon. Familien bak Vartdal Plast var den suverene vinnaren og har no mykje av makta over den lokale banknæringa på søre Sunnmøre. Og kven er administrerande direktør over den største verksemda i Norden - Statoil? Jau, vartdalingen Eldar Sætre. Ikkje det at han gjer vartdalingane stolte.

Då eg fyller bensin på butikken på Vartdal, spør eg ein eldre kar om han hugsar Sætre frå ungdomen.

– Ja, han var fole dårleg i fotball.


Fy til Høgre

Men no er sikkert Sætre noko så sjeldan som ein sunnmørsk Høgre-mann. Høgre stilte for fyrste gong liste i Ørsta i 1955, og fekk berre éin representant inn i kommunestyret. I Ørsta låg dei tre mellompartia over 60 prosent av røystene heilt fram til Høgrebylgja. Så seint som i 1973 fekk desse tre partia 70,7 prosent av røystene i Volda. I mi eiga heimbygd Hjørundfjorden låg KrF jamt over 30 prosent då eg voks opp. Denne gongen fekk dei berre 2,5 prosent, og den raskast veksande næringa er å servera øl og vin til turistar.

– Nett der motkulturane og mellompartia stod sterkast i Noreg, her på Sunnmøre, slo liberalismen til Thatcher og Reagan sterkast inn. Borna til motkulturistane vart hedonistar. Restane av det kristne engasjementet finn vi helst for Israel-saka. Israels lagnad er langt viktigare enn nokre motkulturelle alkoholrestriksjonar. Og Siv Jensen er mykje klarare om Israel enn Knut Arild Hareide. Kristenfolket lit ikkje lenger på KrF i Israel-spørsmålet.

Men fyrst og fremst vil sunnmøringane no ha fred, seier Melle.

– Eg kallar det folkepositivisme. Det handlar om det instrumentelle, snever nyttetenking. På amerikansk-engelsk vert det kalla entreprenurial radicalism. Eit meir råkande uttrykk for sunnmørsk mentalitet, fristilt frå hemmande skrankar og byråkrati, er vanskeleg å finna. Kanskje meir enn noko anna er det slikt som gjev grobotn for Frp på Sunnmøre.

Dessutan er sunnmøringen, då sett vekk frå voldingane, ikkje ei gruppe som tek humanistiske fag. Som gamlepresten på Vartdal sa det: «Dei nestbeste hovuda tok lærarskulen i Volda. Dei med best hovud vart fiskeskipparar. »

Men også mellom utdaningselitane er Frp no stovereine, noko landbruksministerenog voldingen Jon Georg Dale er eit døme på.

– Kven var det i si tid som motarbeidde Ivar Aasen-senteret i Hovdebygda? Jau, Frp. Kven var det som opna festspela no i sumar? Ein statsråd frå Frp. Og i Hovdebygda er Frp det største partiet, som i nesten alle andre valkrinsar i Ørsta.

Klasseløysa

– Kvifor utvikla det seg aldri eit klassemedvit her oppe?

– Ja, det er hovudspørsmålet. Men gardane var omtrent like store. Vi fekk aldri «kaksar». Då Ivar Aasen kom til Hedmark, vart han storleg forundra. Det var eit heilt anna sosioøkonomisk landskap. Her oppe har vi heller ikkje store einingar i industrien. Vi har ingenting som Høyanger eller Årdal på Sunnmøre. Vi har uttrykket «fiskarbønder», men vi hadde noko anna òg, nemleg «industribønder». Då eg voks opp i 1950-åra, sykla bøndene ned til fabrikken, sykla så attende til middag då sirena gjekk klokka 12, og attende klokka 13. Det var ein heil armada av syklar langsetter vegane. Før og etter arbeid mjølka dei kyrne. Alle saman hadde sju-åtte kyr.

I eit slikt landskap hadde ikkje sosialismen ein sjanse. Til langt ut i etterkrigstida hadde den sunnmørske møbelindustrien ein eigen og langt lægre tariff enn resten av landet. Kombinasjonen av gard og møbelarbeid gav sunnmøringane høg nok levestandard til at dei kunne taka seg lægre betalt per time.

– Sunnmøringane kunne til og med kjøpa seg arbeid gjennom dei såkalla arbeidaraksjane. Skaut du inn eigenkapital i verksemda, fekk du automatisk arbeid. Desse aksjane kosta gjerne ei heil årsløn, men familiane gjekk saman og reiste kapitalen. Når du er medeigar i verksemda du arbeider i, er ikkje sosialisme løysinga. Då streikar du ikkje. Sunnmøringane nekta å fylgja Tranmæl og ville ikkje inn i Komintern. Dei dana sitt eige parti som vart mykje større her oppe enn Tranmæls parti. Under folketeljinga i 1900 synte det seg at Sunnmøre av over 50 fogderi hadde minst «offentlig understøttelse». Likskapen mellom pietismen og dagens sunnmørsliberalisme er at ein skal greia seg sjølv.

Lesa og skriva

Pietismen vert i dag sett på som eit negativt ord, men det er ein viktig formel for å forstå sjølvstendetrongen, meiner Melle.

– Sunnmørsbonden las, truleg meir enn alle andre bønder. For nokre år sidan intervjua eg Haakon Lie. Det fyrste han sa til meg, var at «folk derifra var tale- og skriveføre». Og dette kom altså frå ein Oslo-mann. Men fyrst seinare fann eg ut at far hans var analfabet.

– Kva var det forresten som skjedde med kristendomen? Til og med i Volda er hedonistane i Frp no størst?

– Eg er ikkje sikker på at du kan trekkja den konklusjonen at kristenrøystene går til KrF. Eg trur faktisk det er mange kristne som røystar Frp. Eg merka meg eit intervju i Sunnmørsposten der KrF-arar skulda Bondevik for å føra Høgre-politikk. Då skulle ein tru at dei gjekk over grensa til dei raudgrøne. Men denne sperra er berre for sterk for sunnmøringar, dei gjekk i staden til Frp. Då Oscar Grimstad vart valt inn for Frp, var det eit stort bilete av han i Sunnmørsposten, der han peika på Ulstein kyrkje. «Noreg er i ferd med å verta avkristna», var overskrifta.

I staden fekk vi Frp.

(Denne artikkelen er frå Dag og Tid)
Meir å lese på Møre-Nytt:
Faktaboks
  • Jon Hustad har skrive denne saka til utgåva av Dag og Tid 6. oktober. Møre-Nytt trykkjer saka i sin heilskap.
Vartdal: Jon Hustad skriv at ein tredjedel av vartdalingane i dag røyster på Framstegspartiet.

Vartdal: Jon Hustad skriv at ein tredjedel av vartdalingane i dag røyster på Framstegspartiet.

Dette vert lest no:

Stor bildeserie:

"Beatles-tilstandar"

Ørsta og Volda Ballettskule samla tre fulle hus.

Hærverk på hytter

Det har vore hærverk på Nipehyttene

Bøstrand på storhandel

Handlar 30 lastebilar i eitt jafs

- Historisk avtale, seier Yngve Bøstrand i Bøstrand Transport.

Høgtideleg sermemoni

Fekk medaljen på brystet

Reidar Øye fekk laurdag tildelt Kongens fortenestemdalje i ein høgtideleg seremoni

– La borna få gle seg til jul

– Jula skal vere ei kjekk tid for familien, men det er ikkje alle born som gler seg like mykje.

Bompengedebatten kokar

Det er høg temperatur i debatten om bompengar mellom Ørsta og Volda.

Nervedrama om idrettsanlegg

Jubel for Vartdal -til slutt

Det vart ei nervepirrande stund i kommunestyret for representantane frå Vartdal TIL torsdag.

Slo lens - blir anmeldt

Blir anmeldt etter å ha urinert i Volda

Vert ein av landets største

Kontrakta for den nye sikringsvollen over Vallabøen i Ørsta er underteikna.