Statens vegvesen har lyst ut nytt anbud for riksvegferjesambanda Festøya-Solavågen og Volda-Folkestad. Frå 2020 vert det miljøferjer og AutoPASS-betaling på begge strekningane. Kontraktene startar i 2020 og varer i 10 år, med opsjon på ei forlenging på 18 måneder.

Statens vegvesen opplyser at desse krava vert stilt til tilbyderne:

Festøya-Solavågen

· Tre ferjer med kapasitet på minimum 120 personbileiningar pr. ferje.

· Av desse ferjene skal to av dei vere nullutsleppsferjer, ei skal vere låg- eller nullutsleppsferje.

· Avgang kvart 20. minutt på kvardagar.

Volda-Folkestad

· Ei ferje med kapasitet på 80 personbileiningar.

· Denne ferja skal vere nullutsleppsferje.

· Avgang kvart 40. minutt heile veka.

AutoPass skal brukes som betalingssystem for begge ferjesambandene.

– I denne kontrakta ønsker Statens vegvesen eit felles reservefartøy for dei to sambanda. Denne ferja skal ha ein kapasitet på 70 personbileiningar, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

Fristen for å levere tilbud er sett til 15. januar 2018.