Det seier Hans Olav Øy, Trine Foldal, Torill Nydal og Hanne Dyrhol Myklebust i styret i Follestaddalen Grendalag. Dei reagerer på at saka om storskule kjem opp som ei hastesak, slik dei vurderer det, i samband med økonomiplanen.

– Er ikkje borna og bygdene våre viktigare enn å gjere ei hastesak på grunn av økonomi? Det viktigaste for oss i Follestaddalen er eit vedtak på at det skal byggast ny skule på Legene, ikkje når, og då sjølvsagt frå første til sjuande klasse. Det finst ikkje noko positivt i å dele inn i småskule og storskule slik kommuneadministrasjonen har planar om å gjere. Vi skulle gjerne sett det økonomiske også opp i dette. Vi vil heller bygge ein ny skule på Legene, i staden for å sende born i femte til sjuande klasse til ein storskule i sentrum. Dette har fleire politikarar snakka varmt om i valløfta sine tidlegare, seier grendelaget.

Valløfte

Styret spør kva det har vorte av valløfta.

– Det er uheldig å dele alderstrinna slik. Born treng førebilete. Fadderordningar er gode, då dei små kan lære av dei store. Men også i friminutta er det moglegheit for leik mellom ulike aldersgrupper, og vennskap på tvers av klassetrinn. For mange elevar som er like gamle, lærer mindre av kvarandre, og kulturen vert meir homogen, opplever grendelaget.

Dei meiner det i tillegg vil vere svært upraktisk for foreldra å måtte halde seg til fleire skular enn nødvendig.

– Med tanke på at mange har to – tre barn i skulealder, vert det også to – tre skular med foreldremøte og skyss. Fleire søsken på same skule gir også tryggleik til dei minste som har større søsken på same skule.

Og skuleskyss er også eit tema, mange av desse borna brukar allereie mykje tid i bussen på veg til eller frå skulen. Og det er naivt å tru at mobbing berre er eit tema på skulen, det er i aller høgste grad eit tema på skulevegen også. Og med fleire elevar på ein skule vil slike hendingar sjølvsagt verte vanskelegare å oppdage, meiner grendelaget.

– Dess større skular dess vanskelegare er det å oppdage slike saker.

Grendelaget i Follestaddalen meiner at ved å legge ein ny felles skule på Legene, vil også mange av borna i Follestaddalen ha moglegheit til å sykle på skulen sidan skulevegen vert kortare enn i dag.

– Dette er bra for den fysiske helsa til borna. Eit anna viktig argument er at når skulane forsvinn frå bygdene, forsvinn også ein del av høyre til til bygda. Dette går igjen ut over rekruttering til idrettslag, ungdomslag og andre lag i dalen. Dette fører igjen til at kontakta mellom folk i bygda vert mindre på tvers av generasjonar, seier grendelaget

Generasjonsskifte

Grendelaget viser til at Follestaddalen er midt i eit stort generasjonsskifte, og at mange unge familiar siste åra har busett seg i dalen.

– Den trenden ser ikkje ut til å snu med det første. Distrikts-Noreg klagar, med god grunn, på at staten legg ned sjukehus, og sentraliserer desse til større einingar. Kor mange av oss har ikkje protestert på dette når det gjeld Volda sjukehus? Kor mange av politikarane i Ørsta har kjempa for sjukehuset vårt? Kvifor kjempar de ikkje på same måte for skulane i dykkar eiga kommune, spør grendelaget.

– De ynskjer å legge ned skulane våre grunna av økonomi? Ja, det kostar pengar å ha skular der det bur færre folk. Ønskjer politikarane at alle i Ørsta kommune skal bu i sentrum? Ønskjer ein at folk skal bu på bygdene må vi faktisk ta kostnaden. Ørsta-politikarane som kjempa for sjukehuset i Volda, må også kjempe for skulane på bygdene i Ørsta. Forklar oss skilnaden med å kjempe for sjukehuset, men ikkje å kjempe for skulane på bygdene i eiga kommune, oppmodar grendelaget. Dei minner om følgjande:

– Det er akkurat like lang veg frå Ørsta til Legene, som frå Legene til Ørsta. Og det er nok langt rimelegare å bygge på Legene enn i sentrum. Lat borna i sentrum ha skulen sin i sentrum. Men lat borna på bygda få ha skulen sin på bygda der dei høyrer til. Andre prosjekt bør sikkert kome før, vi er ikkje griske og storforlangande. Vi vil berre det beste for borna, foreldra, bygda og Ørsta kommune. Alle born har rett på gode og trygge oppvekstvilkår, og skular må vere der folk bur. Vi i Follestaddalen miste dessverre skulen vår for fleire år sidan, men borna fekk i det minste halde fram på ein liten skule i Åmdalen. Skal de også ta frå oss dette tilbodet? Grendelaget meiner at utan levande bygder forsvinn mykje av Ørsta sitt særpreg. Laget viser til forsking som viser at små skular og klasser skårar ekstra høgt på læring og sosialt miljø.

– Sogn og Fjordane med alle sine små skular ligg alltid høgt oppe over dei beste skulane på nasjonale testar. I vårt eige fylke har vi Eidsdal skule som eit slikt godt eksempel på små skular som gjer det godt. Elevar frå Dalane ligg veldig godt an fagleg når dei går ut av sjuande klasse. Kva skuldast dette? Jau, nok det same som på nasjonale prøver. Her har lærarane tid til kvar enkelt elev, mykje meir enn i større klasser på større skular. Så ikkje kom og fortel oss at små skular ikkje er bra!

– Når det gjeld økonomi, finst det også fleire døme på at store skular ikkje blir så rimelege som planlagt, både på bygging, drift og vedlikehald. Ein må heller ikkje gløyme at større klasser gjev mindre tid til kvar einskild elev, noko som fører til fleire timar med spesialundervisning. Men sidan det er eit anna budsjett, bryr vi oss vel ikkje om slike argument, spør grendelaget.

Laget minner at læring, trivsel og lykke ikkje kan målast i pengar, seier Hans Olav Øy, Trine Foldal, Torill Nydal og Hanne Dyrhol Myklebust i styret i Follestaddalen Grendalag.