Ørsta kommune ynskjer fleire nye fotgjengarovergangar i sentrumsområdet i Ørsta. I eit møte med Statens vegvesen vart det lansert fleire slike på E39 og fv. 655.

Det ber ynskjeleg med fotgjengarovergangar ved krysset E39/Garvargata, og vidare i krysset med Mosmarkvegen og fylkesveg 655.

Overfor vegvesenet vert det frå kommune si side understreka at det i det sistnemnde krysset er eit stort behov for trafikktrygging fordi dette er skuleveg både for barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule. Det vart også peika på at dette vert tilkomst til den nye fleirbrukshallen.