Ifølgje Skogeigarlaget skulle Terminalen no ha stått ferdig, om alt hadde gått etter planen.

– Administrasjonen sin bruk av konsulentar må i dette tilfellet i beste fall omtalast som ei mistyding, skriv formannen i Volda og Ørsta Skogeigarlag, Olav Aambøe, i eit brev til kommunen.

Lang prosess

Han viser til at tilbodsdokumenta var klare for kunngjering i oktober 2016.

– Anten har ikkje administrasjonen formidla oppdraget rett, eller så har ikkje konsulentane forstått oppdraget, skriv Aambøe.

– Forseinkingane er derimot ikkje uteblitt. Det er til no brukt tre månader berre på å forstå kva ein har fått tilbod på, og på å kome attende til den opphavlege spesifikasjonen, kva ein skal ha, står det i brevet.

Tømmerterminalen skal etter planen spare kostnader for skogeigarane i Ørsta, Volda om omland. Landbruksstyresmaktene har løyvd 12,5 millionar kroner til gjennomføringa.

Kostbar lasting

Skogeigarlaget meiner at løyvingane ikkje har kome næringsutøvarane til gode. Og fram til terminalen står ferdig er det store ekstrakostnader knytt til kipping, det vil seie å flytte tømmeret frå lagringsplassen ved kaia, og ut til området der lastinga kan skje.

– Det må framleis betalast for kipping, 20 kroner kubikkmeteren, som trekk frå skogeigaren sitt sluttoppgjer, skriv formannen i Skogeigarlaget.

Kommunen ansvarleg?

Denne summen gjer eit vesentleg innhogg i fortenesta, og reduserer lønsemda til eit minimum.

– Økonomien i skogavvirkinga har mildt sagt ikkje blitt som venta. Dagmar-skadane og høge driftskostnader i vanskeleg terreng gjer at skogeigarane er skeptiske til nyplanting, sjølv om det er pålagt, skriv Skogeigarlaget.

Skogeigarane krev at kommunen dekkjer tapet.

– Ørsta kommune har i det alt vesentlege ansvaret for forseinkinga. På denne basis vil vi finn det rimeleg at kommunen dekkjer kostnadene for kipping frå september, til terminalen kan bli tatt i bruk, skriv formannen i Ørsta og Volda Skogeigarlag.