Formannskapet i Ørsta rår til at den komande fleirbrukshallen vert eit kommunalt driftsobjekt. Det vert valt ein modell for drifta, ein såkalla myldrearealmodell, som sikrar at kommunen kan ta inn ei viss leige, men at denne må vere avgrensa av omsyn til reglane for momskompensasjon.

Kan misse kompensasjon

Kommunen risikerer å misse 36,2 millionar kroner i momskompensasjon på investeringa i hallen dersom det vert valt ei drift der hallen vert leigt ut til kommersielle aktørar og reklameeksponering. Men dersom kommunen leiger ut til ein annan aktør, t.d. eit idrettslag, kan dette hente inn reklameinntekter og kommersielle inntekter på eit nærmare definert areal, men likevel med ei øvre avgrensing.

Juridisk fallgruve

– Dette er ei jurdisk fallgruve utan sidestykke. Det er utruleg at dette skal prege alle landets forsamlingshus. Her er det viktig at vi trår rett, og saka har mange nyansar. Det uroar meg at vi at organiserer oss slik at vi ikkje hentar ut inntektspotensialet. Eg kunne ha tenkt meg ein organisasjonsmodell som var annleis, men eg ser at her er juridiske moment som gjer dette annleis. Eg kunne også ha tenkt meg å diskutert fleire modellar for drifta. Det vil vere ei ryddig sakshandsaming. Men eg ser at dette er komplisert og vanskeleg. Slik det ligg no, vert drifta dyr, og vi er usikre på inntektspotensialet, sa Per Are Sørheim (H) i formannskapet.

Over ti millionar

Han antyda at kommunen må rekne med driftskostnader på over ti millionar kroner årleg på fleirbrukshallen.

– Det er utruleg at vi ikkje kan hente inntektspotensialet på ein god måte. Men anten må vi gjere det slik det er skissert, eller så spele vekk 36 millionar kroner, sa ordførar Stein Aam (Sp) under debatten.

Komplisert

Gunnar Knutsen (V) vedgjekk at momosreglane kompliserer drifta, men valde å sjå optimistisk på saka.

– Momsreglane har vore kompliserte i mange år, og dei har også endra seg ofte siste ti åra. I denne saksutgreiinga har det vorte gjort ein grundig jobb. Eg kunne ha vore interessert i andre driftsformer, men i startfasen er det nyttig å gjere det som føreslege. Eg trur det kan vere mogleg å ha meir fleksible modellar i sjølve drifta etter kvart, sa Knutsen.

Konsertar og messer

Hans-Olav Myklebust (Frp) peikte på at utleige til messer og konsertar skulle vere ein del av å fylle hallen.

– Det vil vere ein styrke for Ørsta med slike arrangement. Då gjev hallen ringverknader. Vi må ikkje avgrense mulegheitene til å skape liv i Ørsta-samfunnet med å bruke hallen aktivt, sa Myklebust.

– Det er rom for alt. Men avgrensinga er at Ørsta kommune ikkje kan stå som arrangør. Vartdal skyttarlag kan til dømes arrangere bilutstilling, men må betale leige til Ørsta kommune, forklarte Knutsen.

Dagleg leiar frå nyttår

I tilrådinga frå formannskapet til kommunestyret vert det rådd til at det vert tilsett ein dagleg leiar for hallen allereie frå 1. januar. Og i løpet av hausten 2018 må ei stilling som driftsoperatør på plass.

Idar Vatne (Frp) var litt kritisk til det:

– Eg hadde forventa at det var folk i kommunen som kunne ta ein slik jobb. Det er tungt å tilsetje ein person i ei ny i heil stilling, sa Vatne.