"So es Bors ynskjer å beklage at vi har vore arena for ein stygg episode. Ei av dørvaktene våre truga ein assosiert musikar pga usemje om betaling i eit mellomværande mellom dei to", står det i ei melding som So et Bors ønsker vert offentleggjort.

Krangel

Dagleg leiar Jozsef Kabai seier at det oppstod høglytt krangel mellom dørvakta og musikaren om forhold om ikkje vedgår utestaden. Dørvakta var ikkje på vakt for utestaden,men var engasjert av musikaren.

- Vi ønskjer å beklage overfor gjester som var vitne til hendinga, seier Kabai.

Hendinga skjedde for to-tre veker sidan. I følge Kabai er forholdet meldt til politiet.

"Vakta er utestengt fra alt arbeid hjå oss på ubestemt tid. Igjen vil vi beklage dette og håpar det aldri skal skje liknande episodar", står det i kunngjeringa.