Velle skule og Ørsta Brettklubb har innleia samarbeid med mål om å få etablert rullepark ved Velle skule.

Det finst ikkje tilsvarande tilbod i kommunen frå før. Ørsta Brettklubb har etablert eit innandørsanlegg i Hovdebygda, men har eit stort ønske om å få etablert eit utandørsanlegg.

– Eit utandørs nærmiljøanlegg er langt meir inkluderande og ope og inviterer til ei breiare brukargruppe både med omsyn til alder, type aktivitet og brukstid, skriv rektor Vidar Nupen ved Velle skule i eit brev til Ørsta kommune, der det vert søkt om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning.

– Ein rullepark på skuleområdet i sentrum vil vere lett tilgjengeleg for svært mange innbyggjarar og besøkande i kommunen. Anlegget vil dessutan kunne nyttast av andre skular i området «Ørsta campus». Med si plassering ved Osbrua vil dette vere noko av det første folk møter av Ørsta sentrum om dei kjem køyrande eller rullande frå sør. Anlegget gir signal om urbane kvalitetar.

Rektor held fram at ein av grunnane til at dei vågar å satse, er at Statens vegvesen skal til med byggearbeid på området. Ved deira oppsetting av støyskjerm mot E39, vil ein del areal og leikeapparat bli fjerna.

– Vegvesenet seier seg villige til å erstatte/kompensere dette. Tanken er at dei står for grunnarbeidet, all den tid dei likevel må inn med maskiner.

Totalkostnad for prosjektet er 1.750.000 kroner. Anlegget er tenkt finansiert som eit spleiselag m.a. med spelemidlar, FAU ved skulen, Statens vegvesen, sponsorar frå lokalt næringsliv, og Gjensidige-stiftinga og Olav Thons samfunnsnyttige stiftelse.