Det seier ordførar Stein Aam etter at han onsdag opplevde å kome i mindretal på generalforsamlinga i Tussa Kraft AS.

Ikkje uventa vedtok generalforsamlinga ei vedtektsendring som opnar for at Mørenett vert lokalisert til Dragsund i Herøy.

Dei som røysta for dette var eigarkommunane Volda, Herøy, Vanylven, Sande, Hareid og Ulstein. Aksjonærane KLP og Hornindal Kraftlag var fråverande, slik at det berre var Ørsta kommune som røysta i mot.

Sjølv om Ørsta kommune er største aksjonær, hadde kommunen ikkje aksjar nok til å hindre ei vedtektsendring.

Under generalforsamlinga var det fleire eigarar som ikkje møtte, men dei gav røystefullmakt til styrenestleiar og møteleiar Hilde Marie Brungot.

Då saka vart handsama var det berre Stein Aam som tok ordet.

– Eg er nøydd til å røyste i mot. I april stod Ørsta og Volda samla i denne saka. Så har det skjedd at Volda har endra syn. I det minste synest eg Volda og ytre som eigarar skulle ha sendt eit «nabovarsel» om at saka hadde endra seg. Det var uheldig at vi i Ørsta fekk vite dette gjennom pressa, sa Aam.

Han understreka at dei han no tenkjer mest på, er dei 44 tilsette i Volda og Ørsta som må skifte arbeidsstad.

Etter møtet var Aam oppteken av å få fram at sjølv om det har vore heitt mellom Ørsta og dei andre eigarkommunane i denne saka, vil ikkje dette påverke det vidare samarbeid.

– Nei, frå idretten har eg lært å vinne og tape med same sinn. Eg har lært å skilje person og sak. Det er mange saker vi skal samarbeide godt om framover, seier Aam.

Dessutan trur han at temperaturen og utfallet av denne saka på sikt kan vere godt for Tussa som selskap.

– Vi har opplevd stadige utfall mot Tussa frå ytre si side. Aldri er ting så gale at det ikkje er godt for noko, og det kan skje at ytre no med denne lokaliseringa medverkar til at vi får ro i familien, seier Aam.

Likevel står han fast på at han opplever prosessen og spesielt Volda sin handlemåte som skuffande.

– Det overraska oss alle korleis Volda gjekk fram. Eg er samd med Volda KrF i at det burde ha vorte sendt eit «nabovarsel», seier Aam.