Tysdag kveld drog dei attende med hurtigruta frå Ålesund til Bergen og vidare med fly til øyane i vest.

Besøket var delvis ein gjenvisitt, men også ein lekk i litt kulturutveksling. Og det vart eit besøk over all forventning, ifølgje øybuarane. For maken til haustvêr og maken til naturoppleving! Ørsta og distriktet kunne neppe opplevast rikare. Ikkje vind, mykje sol og ein natur, frå fjøre til fjell som dei aldri før har opplevd. Vitjinga starta laurdag med ein kulturkveld/songkveld i Frikyrkja. Mange hadde møtt fram for å høyre songparet Michael og Teenie Harcus frå Westerey på Orknøyane, øya som ofte vert kalla juvelen blant alle øyane i dette øyriket. Men også lokale aktørar var med, Kirsten Ragnhild Grimstad, Espen Aarseth og Sindre Løvik.

Søndag etter gudstenesta i Frikyrkja, der ekteparet Harcus også var med, bar det til Hjørundfjorden, med stans på «hurtigrutekaia» på Urke, lunsj på Union på Øye og vidare gjennom Norangsdalen til Hornindal og Kvivsvegen tilbake til Ørsta, via Vatnesvingane som var nok ei stor oppleving for gjestane.

Runde

Måndagen var avsett til Herøy og Runde, før dei avslutta besøket tysdag med kaffitur til Raudøya og seinare kveldstur til Ålesund. Med minnet om «Ålesund by night», sett frå Fjellstua, var det meir enn fornøgde gjestar som gjekk om bord i hurtigruteskipet Polarlys ved midnatt for å sigle på still sjø rundt Stad.

- Ei fantastisk oppleving, var den samstemte konklusjonen.

- Så mykje vakkert og spektakulært å sjå, og så mange fine menneske å møte!

Ordføraren i «kommunestyret» på Westrey var ikkje minst imponert over ferjene våre. Han kunne godt tenkje seg å adoptere slike som går mellom Festøya og Solavågen.

Arne Ola Grimstad

Song: Sindre Løvik song tekstar av nynorske forfattarar Foto: Arne Ola Grimstad
Folketonar: Espen Aarseth og Kirsten Ragnhild Grimstad song m.a. folketonar frå området vårt. Foto: Arne Ola Grimstad
Harcus: Michael Harcus er ein kjent songar frå heimtraktene sine. Publikum kunne godt tenkje seg å høyre meir frå han. Foto: Arne Ola Grimstad