Det er konklusjonen etter at helsetenesta i Ørsta kommune har halde tilsyn ved Sæbø skule.

– Ved vurdering av tidsavgrensa dispensasjon vil det bli lagt vesentleg vekt på klare og forpliktande planar med tidfesting for nødvendig opprusting og utbetring av bygget.

Tilsynet vart gjennomført av kommuneoverlege Arne Gotteberg, helsesøstrene Lisbeth Aklestad og Sanna Driveklepp og teknisk hygienikar Eli-Katrin Kirkeeide.

Sæbø skule er fådelt med to årstrinn per klasse, og hadde 86 elevar i skuleåret 2016–2017. Der er 16 tilsette. Skulen består av to bygg. Gamlebygget er frå 1957. Eit nytt kroppsøvingsbygg med gymsal, garderobar og toalett vart ført opp i 2012.

Skulen har ei godkjenning frå 2001 med heimel i forskrift om miljøretta helsevern.

– Denne godkjenninga er ikkje lenger gyldig, står det i rapporten etter tilsynet, og det vert vist til at gamlebygget ikkje stettar forskriftskrav i høve luftkvalitet og ventilasjon.

Arbeidstilsynet har også gitt forvarsel om pålegg når det gjeld inneklima og luftkvalitet.

– Ved tilsynet vart det konstatert at gamlebygget er svært nedslite og treng rehabilitering. Bygget har mange manglar. Den mest alvorlege mangelen gjeld ventilasjonstilhøve, manglande tilrettelegging for funksjonshemma og generelt mangelfullt vedlikehald. Der er ikkje nokon form for mekanisk ventilasjon. Det er dokumentert at det ikkje er tilfredsstillande luftkvalitet, i tillegg er der utfordringar når det gjeld temperatur. Det vil vere behov for ein full byggteknisk gjennomgang av dette bygget, dersom det ikkje vert nybygg i 2018.

Kommunen har bede om utsett frist for tilbakemelding til Arbeidstilsynet, grunna planar om å få Sæbø skule inn i økonomiplanen og for eit budsjettvedtak i desember 2017.

Avvik

Det vart avdekt fem avvik under tilsynet: 1. Sæbø skule er ikkje formelt godkjent i samsvar med forskrifta. 2. Gamlebygget frå 1957 slik det står fram no, fyller ikkje forskriftas krav. 3. Funksjonshemma sine behov er ikkje tilfredsstillande vareteke. Framfor alt gjeld dette gamleskulen. 4. Reinhaldarane har behov for betre opplæring og prosedyre i reinhald ved ulike typar smitte. 5. Skulen må kunne dokumentere tilfredsstillande inneklima/luftkvalitet.

Merknader

Det vart gitt sju merknader under tilsynet: 1. Det er mindre manglar innanfor dokumentasjonsdelen av miljøretta helsevern. 2. Gamleskulen kan ikkje forventast godkjent i sin noverande tilstand. 3. Kapasiteten for tørking av ytterkle bør aukast. 4. Det er behov for å auke tryggleiken i høve tilsyn med fast apparatur i gymsal og elektrisk anlegg, i tillegg til rutinar for forskriftsmessig oppbevaring av kjemikaliar. 5. Det er behov for å oppjustere førstehjelpsutstyret på nokre spesialrom. 6. Det er noko mangel på dokumentasjon av reinhald og vedlikehald. 7. For høge radonverdiar skal følgjast opp av eigedomsavdelinga i nært samarbeid med skuleleiinga/skuleeigar.

Det vart også gitt ein kommentar: Ved fjerning av leikestativ må det bli vurdert om uteområdet har tilfredsstillande tilbod for leik og utfalding for ulike behov og for alle aldersgrupper.