I helga var tjuefem medlemmer frå Sunnmøre Alpine redningsgruppa samla på Standaleidet, og Odd H. Staurset i redningsgruppa fortel at det vart ei nyttig og god øving.

– I og med at operatøren CHC Helikopter Service har fått driftsoperatøransvaret for redningshelikopter på Florø-basen, var det eit behov for å møtest og øve saman. Det handlar om å finne gode metodar for samarbeidet, og trene på det vi skal gjere når vi må ut på operasjonar, fortel Staurset.

CHC har fått ein kontrakt på tre til fem år for å drifte redningshelikopter. Det er i denne perioden Forsvaret skal skifte ut sine Sea-King-helikopter med ein ny type helikopter.

Fleire til fjells

Bruk av helikopter under redningsaksjonar har vorte meir og meir vanleg, og er mest for standard å rekne.

– Det er stadig fleire som gått til fjells. Og det er nok også fleire som ber om assistanse. I dei fleste av tilfella greier helikoptermannskapa å ta seg av berginga sjølve, men nokre gonger er det behov for assistanse frå redningsgrupper som vår, fortel Staurset.

Sunnmøre Alpine Redningsgruppe har i utgangspunktet Sunnmøre og områda nord for Jostedalsbreen som sine område.

– Oftast er vi på oppdrag i Sunnmørsalpane og i Stryn, fortel Staurset.

Øvinga i helga karakteriserer han som vellukka. Laurdag fekk medlemmene i redningsgruppa mykje tid til å øve saman med helikoptermannskapa.

Det var også meininga at det skulle samøvast søndag, men då vart helikopteret kalla ut til to aksjonar, ein i Romsdalen og ein i Jotunheimen.

Frivilleg mannskap

– Likevel fekk ti trent godt manuelt. Det var jo ei strålande helg på Standaleidet, fortel Staurset.

I slik stor øving som det var i helga, kan då gå år i mellom. Sunnmøre Alpine Redningsteneste er samansett av frivillig mannskap, og det er ikkje alle det passar for.

– At vi vart tjuefem personar denne helga er bra. Det vil alltid vere nokon som har arbeid i turnusar eller som har andre avtalar, fortel Staurset.

– Dessutan handlar det også om økonomi. Slike storøvingar som i helga er kostbare med overnatting og mat osb., seier Staurset.

Men om slike store øvingar er sjeldne, forsikrar Staurset at det ofte er øvingar gruppevis.

– Vi er organiserte med tre lokale lag, indre, søre og Ålesunds-området. Då hender det ofte at vi har lokale øvingar, fortel han.

Rundt ti aksjonar per år

Han fortel at talet på aksjonar dei er involverte i, har lagt stabilt siste åra, men med årvisse variasjonar.

– Det er i underkant av ti aksjonar per år. Men i fjor var det berre to, og i år ser det ut til å verte litt fleire, seier Staurset.

Han slår fast at det stadig er fleire som går til fjells, og at meldingar og spørsmål om assistanse er fleire.

– Det er meir av det vi kallar beredskapsaksjonar. Det vil seie at helikopteret rykkje ut fyrst, og greier å løyse ting på eiga hand utan at det vert naudsynt å kalle oss ut, fortel Staurset.