– Denne saka handlar om barn som veks opp i fattige familiar i Ørsta. No vil eg appellere til hjartet dykkar, sa Aklestad då saka var oppe til handsaming i kommunestyret torsdag.

SV-politikaren peika på at over 100 ungar veks opp under fattigdomsgrensa i Ørsta.

– Barnetrygda er meint å gå til alle born, uansett. Ho er meint å omfordele frå dei utan til dei med born – frå fasar i livet utan born til fasar med born. Vi får barnetrygd uavhengig av kva vi elles tener. Men for familiar i Ørsta som mottek sosialstønad er det annleis. Sidan barnetrygda vert rekna som inntekt, opplever dei å få trekk i stønaden tilsvarande barnetrygda. Dei som treng barnetrygda aller mest, endar altså opp med å ikkje få henne. Dette er ein urett vi i dag kan velje å rette opp.

Aklestad meiner at å halde barnetrygda utanfor berekninga av sosialhjelpa vil vere ei nødvendig handstrekning for dei som veks opp i fattigdom, og at arbeidet i levekårsutvalet gjennom t.d. levekårsplanen vil vere eit viktig steg vidare.

– Eg kan ikkje tenkje meg ei viktigare sak å arbeide for som folkevald. Så, ver så snill, lat oss gjere dette for ungane våre.

Tilrådinga frå administrasjonen var å behalde praksisen om at barnetrygd skal reknast som inntekt ved utrekning av økonomisk sosialhjelp.

– Kommunestyret finn det urimeleg at barnetrygda skal inngå i inntektsgrunnlaget når økonomisk sosialhjelp skal reknast ut. Kommunestyret vedtek å endre praksis slik at barnetrygda blir heldt utanfor inntektsgrunnlaget i utrekninga av økonomisk sosialhjelp, var ordlyden i forslaget frå Aklestad. I tillegg til at endringa skal innarbeidast i kommunebudsjettet for 2018.

Forslaget frå Aklestad fekk støtte frå fleire hald i kommunestyret. Ingvild Aasen (Ap) og Ola Perry Saure (Sp) tok begge ordet og rosa forslaget til Aklestad.

– Dette er ei sak der vi kan gjere ein liten forskjell, og det er ei viktig sak, sa Gunnar Knutsen (V).

Forslaget frå Aklestad vart vedteke mot sju stemmer i kommunestyret.