Det sa leiar i kontrollutvalet, Sven Castberg, då saka om prosessen med omorganiseringa av PP-tenesta i Ørsta og Volda var oppe i kommunestyret som ei referatsak torsdag.

Og kommunestyret lytta til Castberg. Det var ingen som tok ordet til saka.

Lukka møte

Saka om kontrollutvalet sitt vedtak og handsaming kom etter at kommunestyret hadde nytta ein time til å verte orientert om arbeidsmiljørapporten frå Stamina om PP-tenesta. Denne rapporten var grunnlaget for at kommunestyra i Volda og Ørsta valde å avvikle den felles PP-tenesta, og i staden omorganisere og gå saman med Hareid og Ulstein. Det skjedde frå 1. august i år.

Under den lukka delen vart rapporten lagt fram i sin heilskap. Viss det hadde vore ynske om det, kunne også denne rapporten ha vorte offentleggjort, men då med sladding av namn og opplysningar som kunne identifisere personar. Det kom ikkje fram noko ynske i den opne delen av møtet om offentleggjering av denne rapporten.