Kontrollutvalet om Legene-saka

Slik konkluderer kontrollutvalet i Ørsta, etter at dei torsdag hadde saka om gildskapsspørsmålet på bordet.

Vest Kontroll, som er sekretariat for kontrollutvalet i Ørsta, har fått advokat Kjetil Kvammen til å greie ut spørsmålet om Inge Kolås sin gildskap i samband med Legene bustadfelt. Dette fordi Kolås kan ha hatt og kan ha interesse i utbygginga, samstundes som han i førre og inneverande valperiode har vore leiar av samfunnsutvalet. Han er også medlem av kommunestyret.

Må vere ekstremt forsiktig

Leiar i kontrollutvalet, Sven Castberg, fortel at diskusjonen på møtet handla om dei utfordringane dei ser Inge Kolås har ved at han er sentral i fleire selskap, samstundes som han sit som leiar i samfunnstuvalet, som forvaltar mange av arealspørsmåla og dispensasjonssøknadene som kjem inn.

– Om nokon, så må særleg Inge Kolås vere ekstremt forsiktig med å involvere seg i saker der han eller selskapa hans er involvert, seier Castberg.

Kolås var ein pådrivar for å få utvide Legene bustadfelt i Åmdal samstundes som han også har vore aksjeeigar og styremedlem i Legene Utvikling AS, som vart etablert i 2014. Kolås fremja mellom anna forslag i samfunnsutvalet om at reguleringsplanarbeidet for utviding av Legene Bustadfelt skulle startast opp i 2016, og fekk gjennom eit samrøystes vedtak i samfunnsutvalet og i kommunestyret. Først ved årsskiftet 2017 melde Kolås seg ut av Legene Utvikling AS. Han selde då aksjane sine for same pris som han hadde kjøpt dei for, 25.000 kroner.

– Dette var også omtala. At det var bra at aksjane ikkje vart seld for ein annan pris enn det dei var kjøpt for. Då hadde vi raskt hatt ei heilt anna sak, seier Castberg.

Han meiner der er ting som skurrar i saka.

– Men vi har ikkje andre sanksjonsmoglegheiter enn nettopp dette, å seie ifrå. Det er kommunestyret eller eventuelt samfunnsutvalet sjølve som eventuelt må ta grep. Grunnen til at vi ikkje kjem med sterkare kritikk er at dette er ei eldre sak. Hadde dette kome opp no, også med Osgeil-saka friskt i minnet, ville vi nok vore skarpare, og situasjonen hadde vore verre, meiner Castberg.

Ikkje ute etter å ta Kolås

Han meiner det er synd at det vert «slurva» med lovar og reglar.

– Det er synd, fordi Inge Kolås er ein engasjert person, og eit viktig tilskot i det politiske miljøet. Han vil mykje. Vi er på ingen måte ute etter å ta Kolås, men der er lovar og reglar vi må halde oss til, og det gjeld Kolås også. Då hadde vi sleppt å kome opp i slike situasjonar.

Kontrollutvalet har merka seg at dette er andre gongen i løpet av seks månader at dei har oppe ei sak som går på gildskap og god forvaltningsskikk (Osgeil-saka), der samfunnsutvalet var sterkt involvert. I den saka vart det avdekka svært uheldig eksempel på at gildskapsreglane ikkje vart respektert, står det i saka frå Vest Kontroll, ført i pennen av dagleg leiar Jostein Støylen.

I vedtaket seier kontrollutvalet noko om dette.

– Utvalet meiner det er viktig for kommunen sitt omdøme at politikarar nøye vurderer sin gildskap i saker dei får til handsaming og avgjerd.

Konsekvensar for Inge Kolås får det likevel ikkje.

I saka står det: – Dersom ein folkevalt deltek ved handsaming av ei sak, til trass for at han er, eller må vere, klar over ugildskapen, er dette normalt kritikkverdig. Tidlegare kunne dette også verte råka av straffelova som misferd i offentleg teneste. Men denne straffebestemmelsen vart ikkje vidareført i den nogjeldande straffelova. Inge Kolås har etter det opplyste gått fullstendig ut av det aksjeselskapet som er grunneigar i det aktuelle området. Det kan avdempe etterfølgjande kritikk frå nokre. Ved framtidige vedtak vil tidlegare verv og interesser normalt ikkje utgjer nokon grunn til ugildskap.

Det er også slik at når eit medlem som er ugild er med på handsaminga av saka, er dette sakshandsamingsfeil som kan føre til at vedtak vert kjent ugyldige. Det skjer ikkje her.

Både i samfunnstuvalet og i kommunestyret var avgjerslene samrøystes. At det deltok eit medlem som var ugild, hadde altså ikkje innverknad på resultatet, positivt eller negativt.