I eit innlegg på Møre-Nytt si Facebook-side laurdag, skriv Sundal:

- For min eigen del er er forundra på korleis denne saka har blitt ført i Ørsta. Når vanlege lekfolk greier å orientere seg om korleis gangen i grensejusteringsaker er, jfr inndelingslova, finn eg det oppsiktsvekkande at administrasjonen i Ørsta ikkje har snappa det opp. Men no er saka på rett spor, og dei som føler seg overkøyrde og fråtekne uttale i saka, så får dei akkurat like mykje høve til å uttale seg i hansaminga frå Fylkesmannen, som på det avlyste folkemøtet. Eg trur det ikkje var trong for å avlyse møtet, det hadde vore greitt å få lufta synspunkt sine uansett, skriv Sundal.

Han forklarar bakgrunnen for manglande initiativ frå Volda i saka om grensejustering:

Initiativ

- I saka om grensejustering for Bjørke så har det vore etterlyst initiativ frå Volda i saka. Saka har vore diskutert i fleire vender og høve i voldapolitikken, og vi har vore frå starten av klar på at det kan virke naturleg at Bjørke høyrer til Volda, og her i volda er dei hjarteleg velkomne. Det må det ikkje vere nokon tvil om.Men vi har også halde ei lav linje i saka, av den enkle grunn at dette er noko bjørkingane må ha avklart med Ørsta fyrst. Vi har Inga interesse av å gå inn i ein bodkrig med Ørsta i denne saka, det vil vere ufint og ta seg dårleg ut. Om ein tenkjer seg omvendt så hadde vi ikkje synest det var nokon stas om Ørsta la seg aktivt inn i ei sak om grensejustering for ei Volda-bygd, skriv Sp-politikaren.Han er sikker på at ein kan få bygt det han kallar eit sterkt triangel mellom Bjørke, Hornindal og Austefjorden.

- Det skal vi få til, men det er stor usemje i Austefjorden om å sende borna til Hornindal eller Volda om skulen har skulle bli nedlagt. For mange foreldre vil det vere praktisk umogleg  å sende borna til Grodås all den tid ein arbeider i Volda og Ørsta. Det gjeld SFO, lege, tannlege og andre nødvendige koplinger mellom heim og skule. At bjørkingane ynskjer borna over i Hornindal allereie frå 2018 gjer ikkje samkjensla betre.

Gull

Sundal kan ikkje love gull og grøne skogar til Bjørke om dei vel å bli med i Volda.

- Det er dermed ikkje sagt at vi ikkje har noko å tilby, vil erkjenner gladeleg at vi er dårlege på turisme i forhold til satsinga som har vore i t.d. Hjørundfjorden. Det ser vi, og det vil vi gjere noko med. Eit senter for m.a. turisme og bygdeutvikling har vi planar om på Grodås. Vi ser at vi må truleg vere med i eitt eller anna destinasjonsselskap. Turisme og bygdeutvikling vil vere viktige satsingsområde i nye Volda kommune.Til slutt i innlegget gjer Odd Harald Sundal det klart:

- Det har vore tette band mellom Bjørke og Austefjorden i generasjonar, og det skal det framleis vere.Det er eitt punkt som eg tykkjer hadde vore viktig for meg om eg skulle gjere eit slikt val: Det å ha muligheit til å vere med å påverke i mitt eige nærområde. Det vert ein spennande prosess å fylgje, men spel med opne kort og ha respekt for andre sitt synspunkt.