Debatten om framtida for Bjørke er i full gang etter utspelet frå gruppa "Dei unge vaksne frå Bjørke" fredag. Ved å krevje såkalla grensejustering har dei lagt føringar for den vidare prosessen, og eit planlagt folkemøte onsdag  er avlyst.

– Merkeleg sjakktrekk. Ditta var ikkje lurt dersom dei hadde planar om å få fleirtal for saka si, skriv bygdeaktivisten Trond Rystett frå Austefjorden på Møre-Nytt si Facebook-side.

Køyr debatt!

Her er debatten i full gang.

– Lukke til! Gode framtidsutsikter for bygda, skriv Svanhild Saure.

Signaturen Kjartan ( Alnes) er mest kritisk.

– Kjære sambygdingar. Det som har skjedd no er ei klar mistillit til ein demokratisk prosess vi i bygda sette i gang via grendalaget. Målet var å få fram fordelar og bakdelar slik at den enkelte sambygding kunne ta stilling til ei eventuell grnsejustering, skriv Kjartan Alnes.

Forsvarer dei unge

Kjetil Rørstad forsvarer utspelet frå "dei unge vaksne".

– Alle har lov å seie si meining, også ei som ikkje bur på Bjørke. Sjølv om eg personleg er sterkt imot ei grensejustering, håper eg at for dei unge sin del at Volda endrar politikken for utkantane i framtida, skriv Rørstad.