Det var mange spente ungar og vaksne utanfor Ørsta Rådhus tordag 21.09 klokka 16.45.

Vi har ein skule her i bygda som vi bryr oss om. Her skal ungane gå barnetrinna og få inn basiskunnskapar som vil danne grunnlaget for vidare læring og mestring. Skulen har engasjerte tilsette og ei god sosial atmosfære. Det er mykje positivt å seie om skulen vår, hjartet i bygda. Likevel er det no eingong slik at dette hjartet ikkje er så ungt lenger. Det har eldast, og treng pleie og vedlikehald. Hovdbygdingar har i ei årrekkje stått på og bede om hjelp til å reparere hjartet..skulen vår. Så den kan fortsette å pumpe ut kunnskap og fortsette å gje liv til bygda.

Det har vore prøvd med utallige skriv til kommunen, og seinast i fjor hadde vi ei markering der elevar, foreldre og tilsette møtte opp og gjekk ein marsj for skulen. Ordføraren var imponert over engasjementet, og det vart etterkvart løyvd 4,1 mill til vedlikehald. Endeleg skulle hjartet vårt få hjelp.

Men, nei! Ingenting har skjedd og no vart det faktisk i kommunestyret snakk om å utsettje ei eventuell løyving til ein fekk evaluert vidare. Uansett om politikarane vel å flytte dei eldste trinna til sentrum om nokre år, så er det like fullt eit behov for oppgradering av Hovden skule. Vi prøver å lære ungane våre å halde seg til sanninga, og å halde det dei lovar. Vi burde kunne forvente det samme av våre folkevalde.

Smånervøse

Så stod vi altså der framfor politikarinngangen. Smånervøse, men klare for å redde eit døyande hjarte. Ja, for det føltes nesten slik ut. Når vi høyrer snakk om å prioritere stor sentrumsskule, og skysse 5-7 klasse vekk frå bygda, då luktar vi litt lunta av snik-nedlegging.. Desverre, men vi kan ikkje sitje stille og la politikarane sakte, men sikkert dra ut pluggen. Vi må rope høgare. Dei må forstå at vi vil stå på! Vi prøvar det vi kan. Kall det demonstrasjon, eller kall det førstehjelp. Barnehendene som ei lita stund banka på vindauget til kommunestyret, kjære politikarar, kall det hjartekompresjonar. Ropa om hjelp; "..når skal vi prioriterast?", kall det innblåsningar. Hjelp oss, for hjartet vårt må ikkje døy! La bygda vår leve!

Etter først å ha stengt døra inn til møtet, kom to politikarar ut til dei oppmøtte som då skulle til å gå. Dei ville ha oss til å vere stille og vi burde lære ungane våre folkeskikk! Vi stod der vantru. Jau, takk! Som foreldre flest er vi genuint opptekne av at ungane våre skal ha gode liv. Vi gir dekkjer alle primære behov og gjev dei kjærleik og tryggheit. Vi oppdreg dei og lærer dei å snakke fint til kvarandre, vise toleranse og respekt.

Vi har lært ungane våre folkeskikk. Men som engasjerte foreldre må vi også lære ungane våre at ein må seie i frå når noko er gale. På ein ordentleg måte. Men at ein sjeldan gong må ein faktisk få oppersomheit på ein litt ubehageleg måte. Ikkje noko kjekt, men livets sanne realitet.

Som mor stod eg der nokså satt ut då ein eldre, kvinneleg politikar stod og ropte til forsamlinga og kritiserte oss. Dette har ungane aldri opplevd før, ikkje eg heller. Ikkje noko forståing for at folkemengda var desperate og at vi ville kjempe for skulen vår. Nei, her vart vi angripne med kritikk. Fekk opplyst at vi burde stille som politikarar sjølve om vi ville ha gjennom saka vår. Og vi som trudde vi hadde folkevalde som skulle jobbe for oss. Treng vi verkeleg bygdeparti der alle må kjempe for sin del av kaka?

Kan ikkje sitje stille

Om bygdene skal få leve så treng vi skulane våre, hjarta våre! Vi kan ikkje sitje stille og la forfallet gå sin gong, så det eingong i framtida vil vere lettare å rive og byggje nytt i sentrum. Når våre no folkevalde skal fordele midlar må dei få opplyst kvar det trengst. Og vi måtte rope denne gongen. Forhåpentlegvis har vi også blitt høyrde! Om politikararne vart sjokkerte over oppførselen til nokre små ungar som ville seie i frå, så kan eg verkeleg helse og seie at dei små vart desto meir sjokkerte over oppførselen til den godt vaksne politikaren, som stod og ropte at dei ikkje hadde lært folkeskikk. For dei har også lært at om nokon ligg nede og treng hjelp, ja, så må du gi den livreddande hjelpa før det er for seint!

Hald no lovnadene, gode folkevalde, og løyv dei 4,1 mill som vart lovde, gjerne meir. Det vil bidra til å gjere den kjære skulen vår i betre stand, og  hjartet i bygda kan leve vidare for nye generasjonarsar.

Hjartesukk frå mamma til tre born ved Hovden Skule.