Ein 37 år gammal mann, busett i Volda kommune, er i Søre Sunnmøre tingrett dømd til fengsel i eitt år og ni månader for totalt tretten lovbrot. Fleire av lovbrota omhandla oppbevaring av større mengder amfetamin og hasj.

I tillegg til fengselsstraffa er mannen dømd til tap av retten til å føre førarkortpliktig motorvogn for alltid. Mannen vart frifunnen for eit krav om inndraging av 3.000 kroner.

Då mannen møtte i Søre Sunnmøre tingrett onsdag sa han seg skyldig i alle tiltaltepunkta.