Det seier ambulansearbeidar Hogne Grebstad. Han var til stades på Remen på Vartdal 13. september då eit hus brann ned til grunnen. Brannmannskapet gjekk tome for vatn i tankbilane, og vart ståande og sjå på at huset brann ned. Ingen personar kom til skade i brannen.

– Det er mange andre stader i Noreg som har slike avtalar. Det handlar mellom anna om å kunne nytte gjødselspreiarar til å spreie vatn. Dei har ganske lang rekkevidde. Eg lurer på om det ikkje også er mogleg å kople på brannslange, seier Grebstad.

Han fortel at innan helsearbeid er det vanleg å nytte seg av det utstyret som er tilgjengeleg.

– I ei ulykke til dømes, kan vi få hjelp av traktorar som «anker» om vi skal klippe opp bilar, dersom brannvesenet ikkje er på staden. Eg tenkjer det er viktig at dette vert sett i system. Dette er eit velmeint innspel til brannvesenet om å tenke større og om å tenke kreativt på bygdene. Traktorar vil også lettare kunne ta seg fram over markar og smale veger, enn det ein stor tankbil kan, seier Grepstad.

Vanskeleg

Brannsjef Thomas Winther Leira takkar for innspelet frå Grepstad, men seier at han trur det vil vere vanskeleg å få til slike avtalar.

– Vi har mange bønder, og vi veit aldri kvar og når det vil brenne. Å ha avtale med kvar enkelt vil vere vanskeleg. Det er ikkje sikkert dei er til stades heller når det først brenn. Vi belagar oss på tankbil. Men det er også slik at dersom vi ser behovet, der og då, så kan vi spørre, og då har folk plikt til å stille, dersom dei har moglegheita til det, fortel han.

På Vartdal spurte dei ein nabo til brannstaden om nettopp slik hjelp, men problemet var det same, som for dei tome tankbilane, tilgang på vatn.

– Då hadde vi allereie rekvirert tankbil frå Volda, og naboen meinte at innan han hadde fått fyllt opp gjødselspreiaren, ville tankbilen frå Volda vere framme. Vi sa oss samde, og stolte på at denne avgjerda var rett, seier Winther Leira.

Ørsta brann og redning er i gang med ei omfattande kartlegging og risikoanalyse for Ørsta.

– Det er komplekst. Før denne kartlegginga er i mål, veit vi heller ikkje kor «gale» det er og kva eventuelle tiltak vi må sette i verk.