Først trudde dei at det var ei pære i framvisaren som var problemet. Denne er no skifta ut, men ting vil framleis ikkje fungere. Kinosjef Janne M.G. Skarstein må difor halde kinoen stengt i helga.

– Våre tekniske problem er dessverre ikkje løyste. Den delen vi fekk bytta var ikkje nok til å fikse problemet. No ventar vi på meir hjelp. Det vil med andre ord seie at det ikkje vert kino i helga. Det er skikkeleg frustrerande, men vi lovar å vise både IT, Kingsman og endå fleire av filmane som skulle bli vist her, så snart vi opnar igjen.

Teatersalen på kulturhuset har vore stengt i fire og ein halv månad grunna oppussing. Fredag 15. september opna dei dørene att, men måtte stenge allereie etter to dagar grunna problema med framvisaren.

– Vi håper at vi snart har gode nyheiter å kome med. Vi får seie god helg uansett, og så har vi eit kjempearrangement her på huset, laurdag. For alle som er glade i rock, er det framleis nokre få billettar att til konserten med Backstreet Girls og support Stingray.