Rangeringa er basert på ein gjennomgang av måloppnåing knytt til introduksjonsprogramma for flyktningar som skal busetjast i kommunane. Tal som Aftenposten legg fram viser at 71 prosent av dei som har fullført introduksjonsprogrammet i Volda kommune anten er i arbeid eller er under utdanning eitt år etter at introduksjonsprogrammet er avslutta. Dette gir Volda ein 12-plass på rangeringa av alle kommunane i landet.

- Gledeleg

Dei kommunane som er betre enn Volda har alle hatt færre flytningar å busetje.

– Dette er gledeleg å lese. Det viser at det vert gjort mykje godt arbeid i kommunen når det gjeld busetjing og integrering, seier Nina Kvalen, som er spesielrådgjevar for innvandring og integrering i Volda kommune.

Ho trekkjer fram Volda læringssenter, som står for den praktiske delen når det gjeld introduksjonsprogrammet.

- Vi har og eit godt samarbeid med næringslivet, seier Kvalen.

Attraktivt

Aftenposten skriv at kommunane no konkurrerer om å få busetje flyktningar, mellom anna fordi det er gunstige økonomiske ordningar. Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug ønskjer å premiere kommunar som kan dokumentere at dei har lukkast.

–Nå kjem det rekordfå asylsøkjarar til Noreg. Då har vi sjansen til å styre busetjingspoltikken endå meir og busetje flyktningar i kommunar som er best på integrering, og vi kan fokusere på kommunar som både vil og kan oppnå gode resultat, seier Listhaug.