Dragrace på Mosflata har blitt ein årleg tradisjon i Ørsta i regi av AMCAR Ørsta/Volda. Laurdag 23. september vil det igjen bli måling av motorkrefter og god stemning.

– Her blir det motorbrøl og lokal tåke, seier treffleiar Inge-Olav Hovdenakk.

På den 140 meter lange bana handlar det om å ha raske girskift og ha eit nøyaktig fotarbeid på kløtsj og gasspedal. Arrangøren understrekar at alle bilmerke kan ta del i dragracet. Først vil det bli teknisk kontroll i høve til Street Legal-reglementet.

– Alle bilar må vere godkjent med skilt, ha minimum 3-punkt sikkerheitsbelte og førarane skal bruke hjelm, heiter det frå arrangøren.

140 meter dragrace

Bilane skal køyre mot kvarandre etter utslagsmetoden over ei strekning på 140 meter.

– Det vil vere prøverundar for alle før elimineringa begynner, her kan du f.eks. avtale å køyre mot kompisen din. Vi har proft tidtakingsanlegg som måler reaksjonstid, 60 fot tid, totaltid og hastigheit. Her vore det full gass, god lyd, mykje action og sjølvsagt Brentdekk-garanti etter finalen.

Området vert opna opp for publikum ein time før bilane startar å køyre mot kvarandre. Etter løpet vil depotet vere ope for publikum, i tillegg til at det vert premiering. AMCAR Ørsta/Volda har brukt å vere heldig med vêret under sine arrangement.

– Vi har bruk å vere det, og vi vonar at vi er heldige også i år. Så lenge det ikkje regnar er eg nøgd. Vi vonar og at publikum vil legge turen til Mosflata laurdag, og at det blir flest mogleg deltakarar i Street Race.

Arrangøren oppmodar publikum om å parkere ved Ørsta ungdomsskule, og nytte brua over til Ørsta Eldhus laurdag.

Laurdag kveld inviterer AMCAR Ørsta/Volda til Hotel Ivar Aasen der trubadur Torbjørn Gran vil spele.