Det kjem fram i eit skriv FAU ved skulen har sendt til Ørsta kommunestyre. Skrivet er sendt i samband med handsaminga av økonomiplanen. Foreldra fryktar at naudsynt vedlikehald av Hovden skule ligg langt ute i tid.

Også før budsjetthandsaminga for 2017 i november, tok FAU ved Hovden skule kontakt med kommunestyret, og skildra ein situasjon med to skulebygningar som er i forfall.

– Vi er i same situasjon no. Vi krev at midlar for å utbetre avvika ved Hovden skule vert sett av. Det er framleis heilt ubegripeleg for oss at vi framleis må sende borna våre til ein skule der forholda er langt frå akseptable. Dei tilsette og elevane på skulen lever i ein kvardag som er uhaldbar, vert det hevda frå foreldra si side.

Dei krev at alle påpeikte avvik vert utbetra slik at alle born får bruke klasserom, skulekjøkken, gymsal og garderobar på ein verdig måte.

– Samstundes får dei tilsette ein godkjend arbeidsplass, heiter det i skrivet.

FAU innser at det kan ta lang tid før ein ny skule er på plass, noko som er det primære målet. Dei viser til at dei to skulebygningane er frå 1964 og 1976.

– Etterslepet på vedlikehald er enormt etter så mange år. Avvika er synleggjorde gjennom fleire rapportar utarbeidd av Mattilsynet, skuleverket og kommunelege, kommenterer foreldra.

Dei dokumenterte avvika er, manglande handikapfasilitetar, manglande brannsløkkingsapparat, manglar på skulekjøkken og SFO-kjøkken, uhaldbare garderobar og dusj- og toalettfasilitetar, vasslekkasjar i blant anna klasserom der elevane må sette fram bytter for å samle opp vatn når det regnar, dårleg ventilasjon og inneklima og maur i gangar og klasserom.

Det har dessutan kome signal om at femte til sjuande klasse i sentrum krins, som Hovden er ein del av, skal samlokaliserast. Dette er foreldre skeptiske til. Dei viser til at sjølv om skulen no er i dårleg stand, er det plass nok.

Og når det gjeld framtida, peikar foreldra på at Hovdebygda er eit vekstområde. Per dato er det dette området i kommunen der det er planlagt flest nye tomter og bustader.