Samstundes er det klart at saka om nytt felles kulturhus med Høgskulen i Volda på langt nær er avgjort.

– I løpet av oktober vil vi få eit endeleg kostnadsoverslag. Då vil vi ha eit grunnlag for å fremje ei sak for kommunestyret i november, sa ordførar Jørgen Amdam.

Formannskapet er samrøystes om å løyve meir pengar til utgreiingsarbeidet. Likevel er det stor skepsis.

– Dette er i god Volda-ånd. Vi har brukt mange millionar på kulturhusprosjektet tidlegare. Då er 250.00 kroner for ei pølse i slaktetida å rekne. Her er vi inne i ein god trend, sa han ironisk.

Han meinte også at det er kritikkverdig at det berre er eitt alternativ til nytt kulturhus i Volda.

– Eg vil understreke at eg er kulturhusentusiast, og eg håper at prosjektet går i mål. Likevel meiner eg at vi gamblar på eit litt for høgt nivå, sa Bjørneset.

– At eg røystar for løyvinga, er ikkje ei røyst for at vi skal ha denne løysinga. Men eg vil ha eit avgjerdsgrunnlag, sa Odd A. Folkestad (Frp).