– Vi har fått låne Alpehyttene, og stiller 27 klatrarar. Føremålet med øvinga er samarbeid med det nye redningshelikopteret som er stasjonert i Florø. Dette er ein Super Puma drifta av CHC Helikopter Service, og nye metodar må innarbeidast. Som ein konsekvens av dette vert det difor ein heil del helikoptertrafikk i fjella ved Standaleidet laurdag og søndag, opplyser Sunnmøre Alpine Redningsgruppe.

I tillegg ber redningsgruppa om at turgåarar i området ikkje må bli uroa av aktiviteten i området.