Det skriv Elias Lianes i eit brev til Ørsta kommune. I brevet stiller Lianes krav til at Inge Kolås, som leiar for samfunnsutvalet, må verte erstatta i alle saker som vedgår Lianes.

– Eg meiner han er ugild i mine saker.

Lianes argumenterer m.a. med at dei «barka saman» for fleire år sidan då dei sat i styret i Ørsta reiselivslag, noko som førte til at Lianes melde seg ut av reiselivslaget. Seinare meiner Lianes at Kolås tok hemn, som leiar i samfunnsutvalet, ved å godkjenne eit vedskjul (lastebilverkstad) til Tor Lianes, som administrasjonen i utgangspunktet var imot.

– Dette ligg rett framfor ei frådelt hyttetomt, berekna til utleigehytte. Ho er ubrukeleg til det no.

Lianes fortel også at det var meininga at Tor Lianes skulle ta ned alle trea på eigedomen ved skjulet, til tre meter, men at der skjedde ein hestehandel, som gjorde at trea kunne vere seks meter og ikkje tre. Dette klaga Lianes på til fylkesmannen.

– Dei var på synfaring, men eg kom ikkje til ordet, fordi eg vart avbroten. Eg klaga på dette, og meinte eg burda ha moglegheit for advokat. Det har eg ikkje fått svar på.

Lianes er også misnøgd med namnevalet på vegen. Han ønskte seg Nipehyttene, men resultatet vart Sandvikhyttene.

– Også dette var det samfunnsutvalet med Inge Kolås som stod bak, hevdar Lianes.

Han namngir også andre i kommunen han er misnøgd med.

Han viser også til at han fekk avslag på å bygge ei hytte i området, fordi ho skulle ha flatt tak.

– Søknaden vart ikkje handsama av samfunnsutvalet, men berre omtala av Kåre Hjelle (einingsleiar bygg journ.anm.).

– Sidan saka vart avslutta på denne måten reknar eg med at Kolås hadde ein finger med i det. Han driv ein hemn som ikkje skal finnast i politikken. Og om han er ven med Tor Lianes er han sterkt ugild, skriv Lianes.

Administrasjonen i kommunen har orientert Inge Kolås om skuldingane, men seier at dei ikkje kan ta stilling til om utvalsleiaren skal kjenne seg ugild i saker om Elias Lianes.

Kolås sjølv er klar i si sak.

– Eg er heilt klart gild i alle saker som vedkjem Elias Lianes. Det er ikkje noko fiendskap mellom oss, og heller ikkje broren Tor. Men det kan tyde på at Elias ikkje føler dette slik. Eg meiner eg er gild.