– Vi gjer dette med tanke på tryggleiken. Beltebruken i buss har ikkje vore så god som beltebruken har vore i personbilar. Påbodet er der og gjeld i same grad. Difor vel å setje fokus på beltebruken i bussane. Det kan få store konsekvensar, og det har det også fått i ein del ulykker, seier Roar Ødegård i Statens vegvesen.

Tysdag og onsdag var han saman med mannskap frå Statens vegvesen på plass i Volda og Ørsta for å kontrollere beltebruken i bussane. I tillegg til å informere om beltebruk på skule- og rutebussar. Kampanjen og det målretta arbeidet for å auke beltebruken i bussane er landsdekkjande.

– Vi ser at beltebruken aukar. Før kunne vi treffe passasjerar som ikkje var klar over at det var eit påbod om å bruke belte i buss. Dei er det lengre mellom no. Folk er meir opplyste og bevisste no enn tidlegare. Dei aller yngste er dei flinkaste. Dei vaksne er også flinke, men ungdomen heng litt etter på beltebruken.

Fokuset til kontrollørane tysdag og onsdag var mot bussar som ikkje har ståplassar.

– Vi stoppar alle typar bussar jamleg, og vi er opptekne av å fortelje at kontroll av bussar er noko vi held på med kontinuerleg. At vi har fokus på dette er noko som også busselskapa sett pris på.

Då vegvesenet hadde storkontroll av beltebruk i buss i vår vart det skrive ut eit gebyr på 1.500 kroner her i regionen.

– Totalt kontrollerte vi denne gongen 42 passasjerar på ulike bussar, og det vart skrive ut eitt beltegebyr. I tillegg har informert om beltebruk på m.a. skulebussar.

At det er få som får gebyr ser Ødegård på som positivt.

– Dette er positive og gledelege tal. Dette var ein varsla kontroll. Vi skal og halde fram med umelde kontrollar. Vi må og få understreke at vi har fått møtt mykje positivitet blant dei reisande, og at det er mange som kjent med påbod om bruk av belte i buss.

Roar Ødegård (t.h.) og kollegane kontrollerte beltebruken i bussane tysdag og onsdag. Foto: Joachim Åsebø