Det skriv råd for likestilling av funksjonshemma i eit vedtak som handlar om parkeringstilhøva ved Ivar Aasen-tunet.

– Parkeringsforholda generelt, og for rørslehindra spesielt, er svært vanskelege. Mange nyttar ikkje senteret fordi parkering er vanskeleg, og informasjon om at det er mogleg å køyre til inngangen manglar.

Rådet reagerer også på tilhøva oppe ved sjølve tunet.

– Ved inngangen er grunnlaget for skrått. Ein plass er merka for handikap, og det er for lite med tanke på det totalet talet på plassar. Vi har erfart at ved arrangement er parkering for handikap ved inngangen dekka med bord og stolar, skriv rådet i vedtaket.

Vil ha utbetring

– Råd for likestilling av funksjonshemma ber om at parkeringsforholda ved Ivar Aasen-tunet vert vurdert og utbetra, avsluttar dei.

Vedtaket er sendt til seksjon for tekniske tenester for vidare handsaming.

Vedtaket vart gjort med fem mot null røyster.