Fellesnemnda for samanslåing av Volda og Hornindal hadde møte på Grodås torsdag. Her var den mulege grensejusteringa for Bjørke tatt opp som orienteringssak. Frå før er det kjent av Volda og Hornindal har takka nei til ein invitasjon frå Ørsta kommune om å delta i ei arbeidsgruppe som skal leggje til rette for den vidare prosessen, mellom anna når det gjeld innhenting av fakta.

– Vi stiller oss undrande til prosessen, på same måte som Volda, men takkar ja til invitasjonen om å delta på folkemøte, seier rådmann i Hornindal, Ann Kristine Langeland.

Det same har Volda gjort.

Barnehage og skule

Hornindal har alt innleidd samarbeid med Ørsta når det gjeld barnehagestilbod.

– Vi tar imot barnehageborn frå Bjørke, og vi har stilt oss positive til å forhandle om born frå Bjørke skal gå på skule i Hornindal. Vi har altså fleire samarbeidspunkt med Ørsta, og difor er det naturleg å delta på folkemøtet, for å gjere greie for situasjonen i dag.

–Kva råd har du til folk på Bjørke?

– Dette må folket på Bjørke finne ut av sjølv, seier Langeland.

Kjøs vil til Stryn

Hornindal har sjølv ein exit-problematikk å ta stilling til. I Kjøs krins, som grensar til Stryn, er det tatt initiativ til ei såkalla grensjustering, det vil seie overgang til Stryn. Kommunen jobbar med å få fram konsekvensar, mellom anna for inntektsystem til kommunen. Men det er fylkesmannen som styrer prosessen.

– Fylkesmannen har sett i gang innbyggjarundersøkjing, og kommunen ventar på resultatet. Så skal vi seie vår meinig, og det er først då politikarane fått uttale seg, seier rådmannen i Hornindal.

Eit aktuelt tema for Bjørke er om det skal vere folkeavrøysting. Det er det ikkje lagt opp til i Kjøs krins. I staden er det innbyggjarundersøking.

–Her har det vore sagt at alle over 15 år i krinsen skal ringjast opp for å seie si meninig, seier Ann Kristin Langeland.

I Kjøs krins er det 87 innbyggjarar, det kan vere eit alternativ at ein mindre del av krinsen vert overført til Stryn. Det gjeld dei 18 som bur på Maurset.

– For Maurset har kommunestyret stilt seg positiv til ei utgreiing, seier rådmannen.

Hornindal : Ann Kristine Langeland, rådmann i Hornindal. Foto: Svein Aam