– Historia viser at det ikkje har vore mogleg å få til eit tenestetilbod som kan levere kvalitativt gode tenester over tid. Dette er dokumentert både i brukarundersøkinga og organisasjonsanalysen frå Stamina Census. I tillegg har tenesta hatt store utfordringar knytt til det psykososiale arbeidsmiljøet, skriv personalleiar Idun Lee Hoset i eit internt notat datert 26. januar i år.

Opp i kommunestyret

Dette notatet vart frigjeve i august, i samband med at kontrollutvalet skulle handsame saksgangen kring prosessen med å avvikle PP-tenesta i Ørsta og Volda, og slå henne saman med Ulstein og Hareid, slik kommunestyra i Volda og Ørsta tidlegare har vedteke.

Kontrollutvalet si handsaming er lagt fram som ei referatsak for det komande kommunestyremøtet torsdag.

Unnateke offentleg innsyn

Då vil kommunestyret få førelagt ei rekkje dokument som tidlegare har vore unnateke offentleg innsyn. Det gjeld mellom anna det nemnde notatet som oppsummerer soga til PP-tenesta dei to siste åra. I tillegg vil kommunestyret få referert ein rapport frå selskapet Stamina Census om arbeidsmiljøet hos PP-tenesta i Ørsta og Volda. Då vil dørene vere lukka.

Denne rapporten konkluderte med at det ikkje var tilrådeleg at tenesta fekk halde fram, og at Ørsta og Volda burde søkje eit større fellesskap for PP-tenesta. Rapporten vart referert for kommunestyret i Volda då dei gjorde vedtak om framtidig organisering, men han vart ikkje førelagt kommunestyret i Ørsta.Odførar Stein Aam meinte det ikkje var tilrådeleg fordi saka om samanslåingsprosessen skulle handsamast av kontrollutvalet.

Det kommunestyret no får dokumentasjon på, og at årsaka, ifølgje rapporten, har vore eit dårleg arbeidsmiljø.

Rådd frå å halde fram

I mai i 2016 la Stamina Census fram rapporten frå arbeidsmiljøgranskinga hos PP-tenesta. I rapporten heiter det at «Stamina Census har stor grunn til å anta at arbeidsmiljøet i Volda Ørsta PPT i flere perioder ikke har vært forenlig med AML pgf 4-1, som setter krav til et forsvarlig fysisk og psykisk arbeidsmiljø.»

Stamina Census rådde sterkt ifrå at verksemda fekk halde fram i den dåverande forma, og at det primært vart søkt etter samarbeid med andre kommunar om eit større PPT-kontor.

Bakgrunnen for at Stamina Census vart hyra inn, var at det i samband med ei arbeidsmiljøgransking vart avdekt utfordringar med det psykososiale arbeidsmiljøet og at det var eit konfliktfylt miljø i tenesta. Dette gjekk igjen utover tenestetilbodet. I periodar har det vore mange sjukmeldingar. Vidare gjekk det utover rekrutteringa til tenesta.

– Vi har i tillegg eit stort problem med å få rekruttert kvalifiserte folk inn i tenesta, til trass for mange forsøk. Tenesta er mellombels oppbemanna, med rådgjevarar og leiar, forklarar Lee Hofset i notatet frå januar i år.

I dette notatet vert det vist til at PP-tenesta over år har hatt særs varierande produksjon av tenester.

– Kvaliteten på det som har vore ytt av tenester har vore god, men kapasiteten har av mange grunnar vore altfor låg. Kapasitetsutfordringa har såleis medført ein reduksjon av kvaliteten, då tilmelde elevar har måtta vente altfor lenge på å få hjelp. Ein har heller ikkje lukkast med å endre tenesta til å arbeide meir på systemnivå. Dette gjeld spesielt i grunnskulen, heiter det i notatet.