– Åmås Friskule er ikkje direkte råka av denne nye skulestrukturen som rådmannen ser føre seg. Men vi meiner det er trist og litt uverkeleg at administrasjonen i Ørsta kommune på nytt prøver å sparke fot for bygdene i kommunen ved å ville sende elevar frå femte til sjuande klasse nedover til ein storskule med opptil 600 elevar, seier Åmås Grendalag.

Laget viser til kommuneadministrasjonen sitt utspel om å få bygt ein ny storskule i sentrum for å få plass til alle elevane i femte til sjuande klasse.

– Det er mange skular som vert råka av denne sniknedlegginga som no vert greidd ut av kommuneadministrasjonen. Det skal visst vere god økonomi i dette. Det har alt gått så langt at det til og med allereie vert snakka litt rundt plasseringa av eit slikt skulebygg, sjølv om saka ikkje er politisk handsama. Det går fort i svingane når administrasjonen legg vilje og engasjement i saka, seier Åmås Grendalag.

Vedlikehald

Laget stiller fleire spørsmål til saka om ny storskule, m.a. korleis det kan verte mindre vedlikehald på eksisterande bygg ved å bygge ein ny storskule i sentrum.

– Er det også slik at dei gamle skulane framleis skal vere i drift frå første til fjerde klasse, spør grendelaget.

– Er det slik at foreldra til dei borna som skal gå på storskulen ønskjer å sende borna sine med buss frå Dalane til sentrum frå dei er ni–ti år gamle–og vert skulen betre ved at han vert stor? Ja, er det verkeleg det beste å samle alle skulebygg i sentrum, spør grendelaget som også stiller spørsmål om vedlikehaldskostnadene for skulebygg er lågare i sentrum enn på bygdene.

Grendelaget konstaterer at det framleis ikkje ligg føre byggjeklare tomter på Dalane.

– Og er det rein strategi å ikkje tilby eller jobbe fram byggjeklare tomter på bygdene, for deretter å avfolke og legge ned skular, spør laget.

Det viser også til utspel frå Ørsta Senterparti sine representantar Ola Perry Saure og Stein Aam som før kommunevalet for to år sidan lanserte eit oppvekstsenter på Legene, og at dette måtte inn i budsjettet den komande fireårsperioden.

– I statuttane til Åmås Friskule er det nedfelt at dersom det vert oppretta ein ny felles skule for Dalane, skal Åmås Friskule avviklast. Gleda var stor då dei kjende politikarane frå Senterpartiet stod fram med store føringar om ein felles skule på Legene. Det var også snakk om utviding av byggjefeltet på Legene. Meiner framleis Ørsta Senterparti at dei vil jobbe fram ei sak om felles skule for Dalane, spør Åmås Grendalag som vel å vere optimist.

– Dersom rådmannen får draumen sin oppfylt med ny storskule i sentrum, vil dette føre til at friskulen vår vil vekse vidare og vi vil etter kvart trenge meir plass og nytt skulebygg. Vi trur nemleg på eit liv på bygdene med alle tilbod og ikkje berre ei sentralisering og sniknedlegging som no er foreslått. Og heilt klart:

– Dersom ein skal bevare bygdene i kommunen må vi få byggje og bu. Og vi må ha barnehage, og vi må ha skule! Seier Åmås Grendalag.

Strategiske grep

Ordførar Stein Aam (Sp) gjer det klart at Senterpartiet i Ørsta står fast på dei ønskjer å utvikle eit oppvekstsenter på Legene for framtida der eit framtidig skuleområde skal etablerast saman med barnehagen og idrettsanleget.

– Men kva skulen skal innehalde av klasser må inn i ein strategisk plan. Å seie noko meir konkret no handlar om økonomi, ein må også tenkje skulestruktur på ein ny måte i ein situasjon der Vikemarka skule ikkje har høve til å utvide. I løpet av det neste halvåret ser eg føre meg at vi får lagt fram ein områdeplan der vi får fram framtidige strategiske rette grep for Hovden, Velle, Vikemarka og Dalane. Skulestrukturen handlar mykje om økonomi, og eg vil slett ikkje at kommunen kjem innatt i Robek eller at eigedomsskatten vert auka, seier Stein Aam.