Under kontrollane i vår vart til saman 237 passasjerar over hele landet pålagt gebyr i løpet av ei veke med kontrollar. I Møre og Romsdal vart det totalt skrive ut eitt gebyr etter kontrollen i vår.

Statens vegvesen opplyser at delen som bruker belte i buss og som er klar over at det er påbode å bruke belte i buss, aukar. Fleire har i tillegg blitt flinkare til å seie ifrå til andre som ikkje bruker belte.

– Vi ser i våre kontrollar at fleire fester på seg beltet på bussen no, men vi er nøydde til å halde trykket oppe for å minne passasjerane på kor viktig det er, seier Annette Henden i Statens vegvesen i Region midt i ei pressemelding og understrekar at dei framleis har ein jobb å gjere for å få ungdom til å feste på seg beltet.

Kontrollane vil gå føre seg i bussar som har belte til alle sine sitteplassar, og ingen ståplassar.