Ørsta IL friidrett markerte seg godt første dag på Midt-Norsk meisterskap i friidrett på Øya stadion laurdag. Anna Hjellen Haugland (J15) tok gull i slegge 3 kg med ny personleg rekord på 36,76 m (før 34,67 m) og ny klubbrekord J15. Kastet gav 969 Tyrving-poeng.

Andrine Hjellen Haugland (J18/19) tok gull i slegge 4 kg med 21,87 m og ny pers. Dette er klubbens 8. lengste sleggekast for kvinner gjennom alle tider.

Elias Hovden Nilsen (G16) tok gull i diskos 1,5 kg med resultatet 28,06 m.

Sigrid Vartdal (J16) tok sølv på 100 m med tida 13,21 og ny pers (før 13,26) og 926 Tyrving-poeng.

Åse Øyehaug stilte i J17-klassen for å få delta i 400 m. Der tok ho sølvmedalje med tida 65,05.

Sofie Viddal (J15) tok to nye persar i dag. Kule 3 kg 6,61 m (før 5,92 m) og vart nr. 7. Ho tok 8.-plassen i slegge 3 kg med ny pers 16,26 m (før 10,34 m).

Amalie Tomasgard vart nr. 8 på 100 m J15 med ny pers 15,35.

Dei lokale friidrettsutøvarane heldt fram med gode prestasjonar søndag. Andrine Hjellen Haugland (J18) tok gull i spyd 600 g med 39,93 meter (948 Tyrving-poeng). Elias Hovden Nilsen (G16) tok sølv i spyd 700 g med gode 53,17 meter (963 Tyrving-poeng). Han hadde tre kast over 50 m.

Anna Hjellen Haugland (J15) tok sølv i spyd 500 g. 28,12 meter. Dette var berre 7 cm bak gullet.

Amalie Tomasgard (J15) tok sølv på 800 m med tida 2,41,17 og ny pers. Ho sette og pers i spyd 500 g. med 19,70 m og tok 7.-plassen.

Sigrid Vartdal (J16) tok sølvmedalje på 200 m på gode 27,20 (918 Tyrving-poeng).

Åse Øyehaug (J16) tok bronse på 300 meter hekk med tida 49,47 sek.

Sofie Viddal (J15) sette to nye persar i dag med 15,31 meter og 8.-plass i diskos 0,75 kg, og 12,18 m i spyd 500 g. og 11.-plass der.

Fasiten etter Midt-Norsk meisterskap vart fire gullmedaljar, seks sølvmedaljar og ein bronsemedalje for dei sju utøvarane til Ørsta IL friidrett.

Olve Øyehaug og Svein-Egil Johannessen

Ørsta IL friidrett

36,76 meter: Anna Hjellen Haugland (midten) tok gull i slegge 3kg J15 med ny personleg rekord på 36,76 m (før 34,67 m) og ny klubbrekord J15. Kastet gav 969 Tyrving-poeng. Foto: Monica Hjellen Haugland