Fredag for ei og ei halv veke sidan vart det sett i gang ein leiteaksjon. Familien takkar no hjelpemannskapa for innsatsen.

Det var ein mann som gjekk seg skårfast i dalen, og naudetatane pluss Ørsta Røde Kors, hjelpekoerps vart kalla ut.

– Vi vil rette ei stor takk til Røde Kors, politi og ikkje minst Kjell Frøland. Alle viste stor omsorg, og viste forståing for kvifor dei vart tilkalla. Vi er utruleg heldige som har eit slikt flott bergingsmannskap så nært oss, heiter det i helsinga frå familien som Møre-Nytt vidareformidlar.

Mannen vart funnen etter kort tid, og i god behald. Det var eit tilkalla redningshelikopter som lokaliserte han, og mannskapa frå Røde Kors bistod med å få mannen trygt ned til vegen og heim.

Hjelpekorps: Ørsta Røde Kors, hjelpekorps, stillte dame- og mannsterke i Frølandsdalen. Foto: Privat Foto: Børulf Lefdal