Det seier gruppeleiar i Ørsta Senterparti, Ola Perry Saure.

I eit Facebook-innlegg flaggar han kraftig at Volda formannskap må lande på at Mørenett sin administrasjon og oppmøteplass vert i Ørsta/Volda.

– Eit klart nei

– Komande tysdag (19. september red. anm) skal formannskapet i Volda ha føre seg ei orienteringssak om flytting av hovudkontoret til Mørenett a/s frå Ørsta til Dragsund i Herøy kommune. Då bør politikarane i Volda seie eit klart nei til å vere med på dette opplegget som ligg føre til den ekstraordinære generalforsamlinga i Tussa Kraft A/S seinare denne månaden, seier Saure.

Han viser til at Volda kommune, saman med eigarkommunane Herøy, Sande, Ulstein og Hareid krev ei vedtektsendring som seier at leiinga i Tussa Kraft, inkludert leiinga i entreprenørverksemda, skal vere lokalisert til Søre Sunnmøre, og ikkje Ørsta som det heiter i vedtektene i no. I praksis opnar det flytting og samlokalisering av Mørenett i Dragsund.

– Må vektleggje verdiskapinga

– Når snart 90 % av kraftproduksjonen i Tussa sin regi skjer i Ørsta og Volda, bør denne store verdiskapinga bli vektlagt når ein skal avgjere kvar Mørenett sitt hovudkontor skal ligge, insisterer Saure.

Han peikar dessutan på at området har også det mest utsette linjenettet.

– Like eins har Ørsta og Volda over halvparten av aksjane i Tussa kraft, poengterer han.

Saure bur i Skjåstaddalen (Bjørke), og viser til at kraftproduksjonen i Tussa sin regi i heimbygda hans på eit godt år er på over 300 GWh.

– Det er over 40 % av totalproduksjonen i Tussa. Dette vert i hovudsak produsert på eit godt nedbetalt anlegg, ei rein pengemaskin for eigarane. Skulle likevel det ulukkelege hende, at Volda sine politikarar bidreg til at arbeidsplassane i vårt nærområde blir flytta, vil eg på det sterkaste råde mine sambygdingar frå å velje Volda som framtidig heimkommune, kjem det frå Saure.

Overfor Møre-Nytt seier Saure at han reagerer på ordførar Jørgen Amdam i Volda sin handlemåte.

– Å kople saka om Mørenett opp mot nattlegevakta, held ikkje vatn. Sjukehuset i Volda er den naturlege lokaliseringa uansett, seier Saure.