Det seier brannsjef Thomas Winther Leira. 13. september brann eit hus ned til grunnen fordi brannmannskapet gjekk tom for vatn. Det var ikkje nok vatn i elvane til at dei fekk henta vatn derifrå, og i kummen var der ikkje nok trykk. Området ligg under det private vassverket på Vartdal.

– Vi sjekkar ut ulike ting no for å finne årsaka til at vi ikkje fekk henta ut vatn. Eg kan ikkje seie noko meir enno, anna enn at vi ser på saka, og at vi har tru på at vi vil finne årsaka, seier Leira.

Han fortel at dei jobbar med ei kartlegging for ein risikoanalyse for heile kommunen. Her ser dei mellom anna på tilgangen på vatn.

– Det kommunale nettet ser bra ut. Vi lagar oss ei oversikt over tilstanden fleire stader. Dette handlar også om kva vi er pliktige til. I forskriftene står der at på mindre plassar kan ein eigna tankbil vere nok. Men dette held vi altså på å sjå på no, krins for krins. Målet er å kome i mål med denne rapporten i år. Han skal handle om mykje meir enn tilgangen på vatn, så det er mogleg det kan ta noko meir tid.