Laurdag kveld var det fyrverkeri på Sæbø. Fjorten kalvar vart så skremde at dei øydela eit elektrisk gjerde, og kom seg ut av innhegninga.

Dette fortel Knut Riise på Facebook.

I mørket måtte folket på Rise finne att kalvane.

– Det var ikkje lett å lokalisere dei i mørket, men vi fann alle før dei kom seg ned til plenane på Sæbø, fortel Riise på Facebook.

Det var ved Hotell Sagafjord det var fyrverkeri. Hotellet ligg i underkant av ein kilometer frå Rise.