– Talet på narkotikabrukarar i vårt område har ikkje auka, men tilgangen til stoff har vorte lettare, og stoffet er rimelegare.

Det fortel politibetjentane Erik Linn og Pål Inge Olsen som m.a. driv haldningsskapande arbeid i skulane retta mot narkotikabruk.

Torsdag besøkte politibetjentane Volda vidaregåande skule der alle elevane fekk ei klar melding: «ta eigne val og bry deg!»

Det er vanskeleg å ha full oversikt over narkotikamiljøa i Ørsta og Volda, men Linn og Olsen meiner politiet har brukbar oversikt over miljøa. I alle fall dei tyngre miljøa, der dei anslår at mellom ti og tjue personar er under kategorien «tunge» brukarar av narkotika. Politiet er avhengig av tips frå publikum i arbeidet mot narkotika.

– Det finst narkobrukarar i alle kommunane på Søre Sunnmøre. Her i området handlar det om bruk av hasj, marihuana og amfetamin. Heldigvis har vi ikkje registrert tunge heroinistar i vårt område. Leveransane kjem i hovudsak frå Oslo og Bergen, men går brukarane tomme, dreg også ein del til Ålesund for å kjøpe stoff, fortel Linn og Olsen.

Dei fortel at brukarane er folk i stort sett alle aldrar og samfunnslag.

– Brukarane er alt frå velfungerande studentar til folk i aktivt yrkesliv. For desse kan det handle om m.a. pillemisbruk eller sentralstimulerande stoff. Det er meir utfordrande å fange opp desse enn den meir vanlege brukargruppa. Brukarane finst over alt, både i bygder og tettstader, fortel Linn og Olsen.

Også på vidaregåande skular finn ein ifølgje politiet brukarar av narkotiske stoff. Siste tre åra har fem elevar på Volda vidaregåande vorte følgt opp spesielt grunna bruk av narkotiske stoff. Foreldra er dei som sist får kjennskap til dette.

Rekruttert

Folk vert rekruttert inn i miljøa gjennom folk dei kjenner.

– Det startar med nysgjerrigheit. Og dei positive opplevingane folk fortel om narkobruk vert delte. Dei som sel stoffet spanderer gjerne på nye brukarar for å vekkje interesse. Er ein einsam og dett utanfor, er det fort gjort å verte plukka opp og verte rekruttert til miljøet, erfarer betjentane.

Dei meiner ressursane innan førebyggande arbeid mot narkotika er for låge og seier dei også skulle hatt fleire ressursar for å avgrense tilgangen til stoff.

– Vi skulle ha vore fleire som jobbar målretta mot unge som er i narkomiljøet. Det krev mykje å følge opp enkeltungdommar, seier Erik Linn og Pål Inge Olsen.

Dei meiner at glorifisering av bruk av narkotiske stoff gjennom fjernsynsseriar også er med på å påverke folk til å prøve narkotika.

– Stoffmisbrukarar må ikkje sjå på politiet som ein fiende, men ei hjelp for å kome seg ut av stoffbruken. Det er alltid mogleg å kome seg ut av dette. Få er nok klar over at det ikkje er ein menneskerett å ha sertifikat og at brukarar av stoff kan verte fråtekne sertifikatet sjølv om dei ikkje køyrer bil, seier Linn og Olsen.

Færrast mogleg

Formålet med prosjektet «Bry deg!», som elevane på Volda vidaregåande fekk orientering om denne veka er at færrast mogleg skal starte med narkotika og at fleire får eit godt liv, ein god oppvekst og vert betre i stand til å nyttiggjere seg dei evnene dei er utstyrt med frå fødselen. «Bry deg» ønskjer å gjere narkotikamisbruk utrendy i tillegg til å ansvarleggjere foreldre og andre vaksne til å bli tydelege rettleiarar og grensesetjarar.