Sofia Sánches Sandoval (17) summerer opp kunnskapane sine om Noreg – eller mangelen på kunnskap, som ho seier sjølv, for eitt år tilbake. Då sat ho i heimbyen Morelia i Mexico og vurderte ulike alternativ for å ta eit år som utvekslingsstudent. I dag bur ho i Sætrebakkane og nyter utsikta over fjord og fjell - litt klokare på kva Noreg har å by på. Kulde er eit av dei første stikkorda som dukkar opp. På det som ørstingar flest ville ha kalla ein perfekt dag for grilling og uteliv, ein sein sommardag i september, sit Sofia inne i sin nye heim hos Elin Opsal, med tjukkelestar og fyr i peisen. Akklimatiseringa er ikkje heilt fullført, etter berre nokre få veker i Noreg.

– Er du varm? Vi kan gå ut, forsikrar ho til den overoppheita journalisten.

Praten går lett på altanen.

– Her er så vakkert. Fjorden og fjella. Ørsta og Volda er fine stader. Her er små forhold. Heilt annleis enn der eg kjem frå.

Verdsarv

I Morelia, som ligg om lag ein firetimers køyretur frå hovudstaden Mexico City, bur der nær ein million menneske. Store delar av sentrumsområdet i byen er oppført på UNESCO si liste over verdsarvområde. Nesten alle husa og kyrkjene er oppført i ein spesiell raud sandstein. Kyrkjer og katedralar finst det fleire av i byen. Kontrastane til Ørsta er store.

– Eg vurderte fleire land, saman med Noreg. Brasil tenkte eg på, men det vart for nært. Det er jo i Amerika det også. New Zealand og Australia stod på lista. Eg tenkte det ville vere enklare, med tanke på språket. Men eg hadde lyst til å utfordre meg sjølv og oppleve ein kultur som er heilt annleis og med eit ukjent språk. Thailand vurderte eg også. Men det vart Noreg. Min Tata, som tyder «heilage bestefar», sa til meg: «Vel Noreg. Der vil du vere eit eksotisk og vakkert innslag». Han såg veldig glad ut for at eg vurderte Noreg, så då valde eg det, humrar ho.

I Sætrebakkane deler ho hus med vertsmor Elin Opsal. Ho var sjølv på utveksling til Michigan i USA for 30 år sidan, og fortel at ho framleis har kontakt med vertsfamilien sin der.

– Det var også ein av grunnane til at eg valde å opne heimen min i år. Det er kjekt å ha kontakt på tvers av landegrenser.

Elin Opsal fortel at ho er for internasjonalisering, og ser det som viktig å ha forståing og kunnskap om andre språk og kulturar. Også hennar to vaksne barn har hatt kvar sine år på utveksling.

– Eg har vorte spurt med jamne mellomrom av YFU, Youth For Understanding, om eg kunne tenke meg å vere verstfamilie, men eg har følt at eg ikkje har hatt tid, eller at det ikkje har passa. No konkluderte eg med at det var på tide, så får eg heller finne tida. Så langt har ting gått veldig bra. Det er både spennande, interessant og kjekt å ha ungdom i huset igjen. Det får røska litt opp i uvanar og vanar eg har lagt til meg dei siste åra også. Sofia er ei reflektert ung dame. Så hadde eg eit håp om å kanskje lære meg litt spansk også, medan Sofia lærer seg norsk.

Om nordmenn har Sofia erfart at vi står fram som nokså blyge og reserverte, til ho vert kjent med oss, og ser at også vi kan vere pratsame og uhøgtidlege, berre vi er trygge på dei rundt oss.

Ulike kulturar

– Det er mykje nytt å venne seg til. I Mexico er vi svært glade i å klemme kvarandre. Eg klemmer venene mine kvar gong eg ser dei. Det er ei vanleg helsing. Slik er det ikkje her. Her er det nok med eit «Hei» eller eit lite nikk. Eg oppdaga også at å bøye på peikefingeren ikkje betyr «Ja» her, slik det gjer i Mexico, ler ho.

Med peikefingeren opp, demonstrer ho helsinga. To-tre enkle bøy med fingeren.

– Eg sat med mat i munnen då eg fekk eit spørsmål. Eg ville svare ja, og brukte fingeren, og fekk eit rart blikk tilbake, fortel ho.

Men alt kan lærast. Og lærevillig er ho. Ho sluker alt ho kan av nye opplevingar. Mellom anna har ho gått sine første fjellturar saman med Elin. Til dagleg går ho på Volda vidaregåande skule. Ho trivst godt, sjølv om språket er ei utfordring.

– Men eg prøver å få med meg mest mogleg. Og medelevar og lærarar er flinke til å gi meg ei oppsummering etter timane. Eg reknar med at når språket vert litt meir forståeleg, vil ting gå enklare.

Førebels har klimaendringa gått greitt. No ventar Sofia spent på mørke haustkveldar og kalde vinterdagar.

– Eg har opplevd snø berre nokre få gonger før, så det er eg veldig spent på. Og så gruar eg meg litt sjølvsagt, for at det skal vere frykteleg kaldt. Det vert også spennande å feire jul her. Eg har også vorte fortalt at her er mykje regn om vinteren, så eg prøver å førebu meg mentalt på kva eg har i vente. Vi er velsigna med mykje sol og varme i Mexico.

Spørsmålet må nesten stillast, når ei frå Mexico har tatt turen til det kalde nord.

– Har du høyrt om norsk taco-fredag?

Sofia ler. Taco-fredag har vorte eit meir eller mindre velkjent fenomen blant nordmenn. «Alle» et taco når helga ringjer inn.

– Eg har smakt ja. Men, altså. Skikkeleg taco, det har vi i Mexico. Men for all del. Dette er ein god start, gliser ho.

Mexico er tacoen sitt heimland. I nabogata heime i Morelia, fortel Sofia at dei har minst fem små utsalsstader for taco.

– Nordmenn har framleis mykje å lære akkurat når det gjeld taco. Elles er eg utruleg glad for å vere her. Det er ingenting eg ikkje likar. Det einaste eg kanskje saknar er ein skikkeleg spicy salsa til maten. Eg rår alle som tenkjer på å ta eit år i eit anna land om å gjere det. Det er flott å oppleve nye ting, både med andre kulturar, men også med deg sjølv. Du veks som menneske på slike opplevingar. I tillegg er du stolt representant for ditt eige heimland.