Saka gjeld grensejustering, der innbyggjarane på Bjørke skal ha folkerøysting for om dei ønskjer å framleis vere ein del av Ørsta kommune, eller om dei ønskjer å verte ein del av nye Volda kommune (Volda og Hornindal slår seg saman frå 2020).

I eit brev til Volda kommune har Ørsta kommune bede dei om å medverke med fakta i eit dokument som skal bli brukt som underlag for ei folkerøysting.

Vanskeleg

– Administrasjonen i Volda finn det både vanskeleg og heller ikkje rett å delta i utarbeiding av eit verbalt underlag som grunnlag for folkerøysting blant innbyggjarar i Ørsta kommune, skriv rådgjevar Asbjørn Moltudal.

Han held fram at det kan sjå ut som om Volda kommune oppfattar prosedyren om grensejustering noko annleis enn det som er lagt opp for Bjørke sin del.

– Det er nok at ein innbyggjar eller grunneigar i dei kommunane det gjeld kan søke om at det skal setjast i gang ei utgreiing om grensejustering. Også næringsdrivande med registrert forretningsstad kan søke. Ein søkjer såleis ikkje om grensejustering, men om at det skal setjast i gang ei utgreiing om det. Kommunane eller grendelaget kan såleis heller ikkje binde eventuelle initiativtakarar til ikkje å fremje søknad om utgreiing for fylkesmannen. Det er såleis fylkesmannen eller departementet som avgjer om det skal setjast i verk utgreiing og som då tek stilling til omfanget av denne.

Moltudal skriv at det etter deira oppfatning vil vere i denne fasen at kommunale, fylkeskommunale og statlege forvaltningsorgan skal gje naudsynte opplysningar. Hornindal og Volda kommunar vil difor kome med si fråsegn ved ei eventuell utgreiing i samband med saksutgreiinga, skriv Moltudal.

Han avsluttar med å seie at sjølv om dei ikkje ser det som rett å gjere felles utgreiing saman med Ørsta kommune som eit underlag for folkerøysting, vil dei stille seg opne for at Ørsta kommune kan hente faktaopplysningar, utover det som er tilgjengeleg i offentleg statistikk. Dei vil også delta på folkemøtet som vert halde 27. september for å svare på spørsmål frå møtelyden, så langt råd er.