Sjette divisjon

Storsiger og sjokktap

Vartdal skåra ti mål, medan Åmdal og Sæbø rota det til for seg sjølve

  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Vartdal vann heile 10–1 mot Åheim/Stad på Åheim onsdag kveld. Laget har berre eitt tap på dei siste åtte kampane, og har vist solid haustform.

Mot Åheim/Stad vart det einvegskøyring. Vartdal leia 4–1 til pause, og skåra seks nye i andre omgang.

– Det viktige i denne kampen var å halde oppe konsentrasjonen. Det greidde vi på ein god måte, fortel trenar Kristoffer Fiksdal.

Tetkampen

I tetkampen i sjette divisjon gjekk det ikkje vegen verken for Åmdal eller Sæbø. Åmdal spelte uavgjort 1–1 på heimebane mot Hasundgot.

– Eg er nøgd med prestasjonen, men ikkje resultatet, seier trenar Andre Dvergsdal.

Men Åmdal har framleis tetposisjonen trass i to tapte poeng. Sæbø kunne ha gått forbi, men gjekk på eit sjokktap mot Gjerdsvika/Larsnes/Gursken.

– Vi spelte veldig dårleg, og tapte fortent, seier trenar Mats Riise.

Sluttresultatet vart 1-6, etter at Sæbø låg under 0–5 til pause.