Frå klokka 10 til klokka 20 vart alle bilar som passerte stansa. Bilistane vart kontrollerte for promille, og alle papir vart sjekka, av i alt 30 tenestemenn frå politiet, og ti representantar for Statens Vegvesen og to frå Toll-etaten.

- Tilsaman 2068  køyrety kontrollerte. Berre ein av førarane fekk utslag på ruskontrollen og fekk beslaglagt førarkortet på staden, skriv politiet i ei pressemelding.

19 vart bøtelagde fordi dei ikkje hadde med seg førarkortet. Medan 22 køyrety vart avskilta fordi det låg føre krav om avskilting. Hovudsakleg på grunn av manglande forsikring, årsavgift og EU-kontroll.

Lite promille, mange avskiltingar

-Vi er godt nøgde med at berre ein førar var mistetenkt for køyring i rusa tilstand. På minussida dei avskiltingane på grunn av manlangde forsikring, årsavgift eller EU-kontroll og at så mange som åtte førarar fekk førelegg fordi dei køyrde med sota sidevindauge, seier politiførstebetjent Steven Blindheim som er politiets trafikkoordinator på Sunnmøre.

Politiet hadde mannskap frå både Møre og Romsdal politidistrikt og UP. Dessutan deltok Statens vegvesen og Tollvesenet.