Ny musikkvideo frå Egil Olsen

Med maskerte damer i skummelt lys.

Ny plate: Egil Olsen har fått ros for dei siste singlane sine, og er snart klar med ny plate. (Pressefoto)  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Egil Olsen har akkurat sleppt sitt nye album ‘You and Me Against the World’, ein oppløftande og livleg kontrast til tidligare utgivelsar. Med glimt i auga og eit meir rocka uttrykk, leverer han eit album med lidenskapelege låtar om uovervinnelig kjærleik i ei gal, gal verd. No slepper han musikkvideo til tittelsporet og dansar med maskerte damer i skummelt lys.


Trassa regn og skodde for Egil

– Aldri meir, sa Egil Olsen. Men han meinte det eigentleg ikkje.

 

Konsertar

Komande fredag (15/09) spelar Egil Olsen (m band) i Herøy Kulturhus i Fosnavåg og fredagen etter (22/09) på Rokken i Volda.

- ’You and Me Against the World’ er ein ganske annleis låt for å vere meg, og eg har litt vanskeleg for å forstå han heilt. Han er stilisert og teatralsk, men det er noko uironisk og lite fjollete med han, trass trommemaskinen, ulydane og dei “smarte” strofene. Hano er på ein måte ikkje heilt meg, men samtidig veldig, veldig meg, seier Olsen i ei pressemelding.

Albumet har fått fin omtale. "Egil Olsen har laget sin beste plate hittil, et av årets beste album” skriv musikkbloggen.no. Råkkfolk.no gir albumet 9 av 10 og skriv "Vokalen er tidvis helt fantastisk og tekstene er meget gode. Vi har med en poet å gjøre.” og VG meiner det er “noe offensivt, bredbent og gledelig uironisk og stolt over helheten” og legg til at Egil Olsen er “en av landets morsomste liveartister”.

- Sjølv om eg er ein singer/songwriter som trivest best aleine med ein gitar eller eit piano, er eg veldig glad i mykje forskjelleg musikk. På denne plata, og spesielt denne songen, gav eg meg sjølv lov til å leike meg i studio. Eg ville bygge eit annleis lydbilde med mykje effektar, elektroniske element, blåsarar og lag på lag med elgitarar. Samtidig er låten så melodiøs og fortelljande at han fungerar aleine også. Sidan eg speler mange konsertar aleine, er det viktig for meg at songane mine kan gjenskapast på ein nedstrippa og enkel måte.

Albumet er ute på alle digitale platformer, cd og vinyl. Gjennomsiktig, djup raud vinyl.